Odd Erik Lothe + Mighty Magnolias

Plateslepp på Vesle Kinn! Det skulle eigentlig berre handle om å spele inn eit par låtar til. Dei var liksom ikkje heilt ferdige med kvarandre, visesongaren og rockebandet. Odd-Erik Lothe og Emil...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
16.sept
2022
kl 20:00

Detaljer

Plateslepp på Vesle Kinn!

Det skulle eigentlig berre handle om å spele inn eit par låtar til. Dei var liksom ikkje heilt ferdige med kvarandre, visesongaren og rockebandet. Odd-Erik Lothe og Emil Nordtveit hadde på kvart sitt hald skrive låtar med deira felles leikestove for auge. Songar som ikkje kunne ha nokon annan heim enn her. Pandemi, stengte vegar, familieforpliktelsar og alt anna til tross. Det balla på seg. Det varte ikkje lenge før dei innsåg at dette måtte bli eit heilt album. Og sjølv om dei hadde gjort dette før, føltes det som dei gjorde det for fyrste gong. Forbrødringa mellom visesongeren frå Nordfjord og det framadstormande americanabandet Mighty Magnolias frå Os har allerede resultert i albumet Rust (2020). Når dei no viderefører samarbeidet med det nye albumet «Jaguar» høyres enno meir av deira felles forkjærlighet for artister som Ulf Lundell, Bob Dylan, Rolling Stones, Jayhawkes og The Band, for å nemne nokon. Som ved forrige utgjeving står Lothe sine poetiske og personlige tekstar på dialekt i fokus. Perfekt omkransa av det mektige soundet til Mighty Magnolias. Resultatet er ni nye songar. Songar om det vanskelige vaksenlivet, om det å høyre til, om å ønske seg vekk. Om håplaushet og håp om tilgjeving. Draumar og erkjenningar. Ja, om nettopp - livet.

Praktisk info

Enjoy-kode: 753165
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.