star
star
star
star
star

Nosi, Munketrimmen

Engelske cistercianarmunkar som kom til Lofthus frå Lysekloster ved Bergen, eingong mellom år 1200 og år 1210, grunnla eit hospits og eit kapell, på folkemunne kalla "Klosteret i Opedal", etter...
Foto: Ivar Eidnes

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 408002
Turen startar i Lofthus sentrum, og går opp via Eidnes/ alternativ Legena. Parkering i Lofthus sentrum, eller på Eidnes/ Legena.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
5.3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Engelske cistercianarmunkar som kom til Lofthus frå Lysekloster ved Bergen, eingong mellom år 1200 og år 1210, grunnla eit hospits og eit kapell, på folkemunne kalla "Klosteret i Opedal", etter garden det låg på, og desse munkane hadde m.a. med seg den kunnskapen som la grunnlaget for ein stor næringsveg i Hardanger, fruktproduksjon. Avdelinga i Opedal var nok ei viktig matkjelde for klosterbrørne på Lysekloster. Hardangervidda var på den tid både ein viktig ferdsleveg og ein viktig ressurs med tanke på matauk og andre naturressursar, og for å letta atilkomsten til vidda, la munkane 616 trappetrinn oppover den bratte lia, fram til fjelltoppen "Nosi". Vegen opp Lofthus-lia og forbi "Nosi" var i mange hundreår ein viktig ferdsleveg frå fjorden ved Lofthus opp til Hardangervidda, der ein møtte Normannsslepa som gjekk austover til Kongsberg og vidare mot bygdene og byane på Austlandet. Munkane forsvant med reformasjonen i 1537 og Munketreppene er i dag det einaste synlege sporet etter dei.

Vegen både er og har vore stølsveg til Opesjo og dei andre fjellstølane innover Hardangervidda.

I dag går det både skogsveg og sti opp frå Lofthus til "Nosi" ca. 950 m.o.h., og "Nosi" er også i dag ein av innfallsportane til Hardangervidda. På ca. 650 - 700 m.o.h. høgd ligg Munketreppene, store steinar lagt som trappetrinn ("trepper" på harding-dialekt) i terrenget. Normal gangtid Lofthus - "Nosi" tur/retur er omlag 3-4 timar.

Nosi er ein tur som innår i Munketrimmen. Munketrimmen er eit trimtilbod på Lofthus som består av 10 ulike turar. Går du 8 av turane, (6 av 10 under 12 år) får du flotte premiar. Søk på Munketrimmen, arrangør UTIL (Ullensvang turn- og idrottslag).