star
star
star
star
star

Norheimturen

Denne turen kan du starta ved Time rådhus, som vart bygd på ei utfylling i Frøylandsvatnet i 1964. Første strekket går på gangstien langs Røyrvika, på nordsida av rådhuset. Nyt fuglelivet i det...

Praktisk info

Enjoy-kode: 811277
Egnet startsted parkering ved Kinoplassen, Bryne sentrum
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre
Varighet
2 timer
Lengde
8 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne turen kan du starta ved Time rådhus, som vart bygd på ei utfylling i Frøylandsvatnet i 1964. Første strekket går på gangstien langs Røyrvika, på nordsida av rådhuset. Nyt fuglelivet i det freda området! Du går vidare på stien opp frå Sivdamheimen og ut på gang- og sykkelstien langs nordsida av Arne Garborgs veg.

Ved Essostasjonen kryssar du Kvernelandsvegen og går sørover langs Kong Haakons veg med Kiwibutikken på høgre sida. Når du kjem til Nyland barnehage tek du stien til venstre mellom husrekkene. Denne stien tek deg opp til Kvåle, eit område som viste seg å innehalda store funn frå fortida. Utgravingane i 2001- 2002 er eitt av dei største prosjekta Arkeologisk Museeum i Stavanger har utført, og gav vesentleg innsikt i jordbruket og levemåten i tida mellom yngre steinalder (4000-1800 f. Kr.) og bronsealderen (1800-500 f. Kr.). På dei såkalla Kvålehódlane (-haugane) har det vore drive jordbruk i over 6000 år. Her er det altså ikkje bare innsyn i fortida, for på toppen av feltet er det òg vidt utsyn over nærområda og mykje lenger!

På vegen vidare passerer du «Ungdomsskogen» og kjem ned på Garborgvegen og dei to barnehagane som ligg ved det vesle bustadområdet sør for skogen, Maurtua og Jærbarnehagen. Då er du på Norheim, som har gitt denne turen namn. Den vakre Norheimsgarden du nå ser mot nord, er tidlegare lensmannsgard i Time. På den garden budde den første store kjærleiken til diktaren Arne Garborg. Men då han skulle fri til henne fælte han seg av, og gjekk heim att! Eit lite stykke inn langs FV 223, Brøytvegen, og så inn gjennom byggefeltet Eivindsholen i parkliknande terreng til Eivindsholstjødna - «Tjødnå». Etter å ha gått rundt tjørna kjem du opp på Rudlå. Rudla er jærsk for haug og det er òg eit stort friområde, og har fine akebakkar i fleire retningar dersom det er snø! Frå toppen ser du langt i alle retningar i vinden!

På nordsida av Rudlå kjem du inn att på Kong Haakons veg. Denne fylgjer du til du ser Rossaland skule. På turen tilbake til rådhuset passerer du området for «kultur, næring og læring». Time bibliotek, som vart kåra til Årets bibliotek i 2013, Nasjonalt Garborgsenter og Garborgstova, ein franskinspirert kafe.