star
star
star
star
star

Norheimsdalen

Vakker stølstur. Turen kan sjølvsagt forlengast ved å starte frå Norheimsund der ein kan gå opp frå Skutlaberg eller Skutlalia. Her vert ruta frå Sælesete beskrive. Frå parkeringsplassen på...

Praktisk info

Enjoy-kode: 842611
Frå Norheimsund fylgjer du skilting mot Sjusete. Følg Sælesetevegen etter omlag tre kilometer. Opp forbi garden på Sælesete og parkering(10kr) før fyrste grinda på vegen til Allkleiv.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn
Varighet
2 timer
Lengde
3.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Vakker stølstur. Turen kan sjølvsagt forlengast ved å starte frå Norheimsund der ein kan gå opp frå Skutlaberg eller Skutlalia. Her vert ruta frå Sælesete beskrive.

Frå parkeringsplassen på Sælesete etter skogsveg til Allkeleiv, så på bru over Fosselva, elva som seinare vert Steinsdalsfossen, på god, umerka sti oppigjennom skogen. Etterkvart vert skogen tynnare og utsynet betre. Like under Norheimsdalen, etter traseen har flata ut litt er det eit stidele til Kalderassen, hald til venstre der. Kort tid etter kjem du til ein liten bekk som du skal over, og sela i Norheimsdalen openbarar seg opp til venstre.

Om du går litt ovanfor sela i Norheimsdalen får du flott utsyn over Hardangerfjorden.

Ein grei forlengelse av turen er å gå til Kalderassen, det er også rundturmoglegheiter med retur til Rosseland, Liabrekka, eller via Klypet til Kvamskogen.

Norheimsdalen er også eit fint turmål på vinteren, med oppkøyrde løyper til Allkleiv og ein for dei fleste grei skitur vidare i laussnøen.