Nordisk samtidslitteratur: Island. Et møte med Fríða Ísberg

Fríða Ísberg (f. 1992) er ein av dei unge røystene i islandsk samtidslitteratur som har markert seg både heime og ute i verda. Dette året er ho aktuell på norsk med sin første roman, Merking, i...
19.okt
-
kl 19:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 682480
Passer for
Eldre, Ungdom, Barn, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo

Detaljer

Fríða Ísberg (f. 1992) er ein av dei unge røystene i islandsk samtidslitteratur som har markert seg både heime og ute i verda. Dette året er ho aktuell på norsk med sin første roman, Merking, i Tone Myklebusts omsetjing. Romanen skildrar eit framtidig Island med kunstig intelligens og overvaking som sentrale delar av borgaranes kvardag – og der empati er berande verdi og rettesnor. Den som er i stand til å framvise adekvat empati, blir «merkt», med dei fordelane som følgjer med.

Det slåande ved dette islandske framtidsscenarioet ispedd SF­element er at det i utgangspunktet framstår som ein utopi. Det er eit samfunn tufta på «gode» verdiar, og der dei som styrer blir valt ut frå kven som er best i stand til å leve seg inn i andre menneskers liv og lagnad. Møt Ísberg i samtale om eit samfunn der Staten blir ein investor i folks psykiske helse, om ein debattkultur der ingen skal bli støytt, ja, om eit samfunn og ein kultur slik vi nesten kjenner den.

A conversation with Icelandic author Fríða Ísberg. The event will be in English.

Kart

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.