star
star
star
star
star

Norddalsfjord - Sunndalsstøylen

Turen startar ved å gå inn på gardsvegen på sørsida av Budalselva som renn ut i Sunndalsvatnet mellom gardane i Sunndalen. Etter nokre hundre meter passerer ein ei ferist. Om lag 100 m etter...
Foto: Arnfrid Bergheim

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 564894
Kjør fylkesveg 544 til Sunndal i Norddalsfjorden 16 km frå Norddalsfjordkrysset.
Type
Turer
Passer for
Alle
Varighet
20 minutter
Lengde
1.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar ved å gå inn på gardsvegen på sørsida av Budalselva som renn ut i Sunndalsvatnet mellom gardane i Sunndalen. Etter nokre hundre meter passerer ein ei ferist. Om lag 100 m etter ferista er der plass til å parkere bilar på venstre side av vegen, og på same staden går der ein skogsveg til høgre. Følg den til endes og derfrå er der merka sti opp lia til Sunndalstøylen. Like før ein er oppe, må ein passere Skitnekleiva, eit hamrelag der stien kan vere noko sleip og glatt i vått vêr. Oppe ved støylen, der to av dei fire stølshusa framleis står, vidar terrenget seg ut i tre himmelretningar. Frå støylen vil ein sjå merka til den gamle ferdslevegen i området. Den fører mot Blåfjellsenden og austover til Solheim i Hyen eller vestover til Midtbøstøylen. Undervegs mot Midtbøstøylen kan ein også ta av mot Løkkebø og mot Midtbønipa. Lengde: 3 km tur/retur Høgde 30 - 370 moh