star
star
star
star
star

Norddalsfjord. Sunndalen - Budalen. Rundtur

Start i Sunndalen, der du kan følgje jordbruksvegen mot Budalen. Det er plass til parkering etter 500 m, litt aust for bøgarden, der ein vegstubb tek av mot Sundalsstølen. Følg vegen mot Budalen...

Praktisk info

Enjoy-kode: 785459
Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare fylkesveg 544 til Sunndalen
Type
Turer
Passer for
Barn, Ungdom, Voksne, Eldre
Varighet
5 timer
Lengde
12.7 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Start i Sunndalen, der du kan følgje jordbruksvegen mot Budalen. Det er plass til parkering etter 500 m, litt aust for bøgarden, der ein vegstubb tek av mot Sundalsstølen. Følg vegen mot Budalen til endes. Ved dei gamle uthustuftene tek du opp lia til venstre for elva. På toppen av lia flater det ut mot Fagaredalen, ein open fin dal. Du går sør-austover mot Tverrlia, ei tettvoksen li. På toppen av lia opnar dalane seg. Her var det tidlegare støl, tilhøyrande Solheim i Hyen. No står det ei jakthytte der. Frå hytta kryssar du myrane sør-vestover. Terrenget stig litt. Etter ein knapp km rundar du til venstre inn i Trollebotnen, der det og var støl tilhøyrande Solheim i Hyen. Ta deg tid til ein rast ved dei gamle tuftene på vestsida av botnen. Turen går no vidare opp dalen mot sør, mellom Eggene og Britelia. På toppen rundar du Britelia vestover Blåfjellet. No blir det unnabakke mot Sunndalsstøylen. Du møter merkinga mellom Sunndal og Solheim i Hyen og kan følgje den nordvest-over mot Sunndalsstøylen. Siste stykket går på den merka stølsvegen ned mot Sunndalen.

Turen er teikna inn og ikkje gått med spor. Derfor ei rettsnor til trace