star
star
star
star
star

Norddalsfjord. Støylen Nordre Midtbøstøylen

Støylen står på kartet, men den kallast også Nordre Midtbøstsøylen eller Støylen nord om fjellet. Turen startar med å gå vegen 150 m mot Grøndalen, ta av på skogsvegen på venstre sida og gå vidare...

Praktisk info

Enjoy-kode: 464619
Køyr på fylkesveg 544 mot Grøndalen i Norddalsfjorden, forbi Sunndalen og parker ved brua over elva mellom Nedstevatnet og Sunndalsvatnet 17,5 km frå Norddalsfjordkrysset
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne
Varighet
1 time
Lengde
2.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Støylen står på kartet, men den kallast også Nordre Midtbøstsøylen eller Støylen nord om fjellet.

Turen startar med å gå vegen 150 m mot Grøndalen, ta av på skogsvegen på venstre sida og gå vidare opp ein bratt bakke til skogsvegen flatar ut. Der tek ein av til høgre langs eit hamrelag ca. 150 m til ei klynge med store lindetre. Der følgjer du ein dyresti mot nord oppover langs ein hammar. Ved enden av hammaren tek ein til venstre vidare opp lia og følgjer stien som svingar 180 grader mot sør til ein får utsyn over Sunndalsvatnet. Der tek ein til høgre vestover over ei myr og kryssar ei lita elv. Deretter går ein vidare oppover ein furukledd kolle til eit berglendt høgdedrag. Her kan ein nyte flotte utsyn vestover mot Midbø og austover mot Sunndalen. Følg høgdedraget vestover mot Støylsvatnet, og ved enden av Støylsvatnet tek ein til høgre og kryssar elva ved utløpet. Deretter følgjer ein stien mot nord til stølshusa som ligg idyllisk til i skogen like ved utløpet. Om elvane er flaumstore, kan ein gå over myrane og kollane nord for elvane, men der får ein ikkje så fint utsyn. Turen har vore merka med raudt og det er enkelte merker att - dei er gode å følge.

Turen er gått 03 05 20. Den er gått frampå berget før ein går bort og ser på støylen. Det er ein fin rasteplass på berget med god utsikt.

No er det att ein støyl den andre er flytta attende til Midtbøstøylen i 2017(støylshus var då 90 år)