star
star
star
star
star

Norddalsfjord Solheim Skule. Dalreset

Turen startar ved parkeringsplassen ved skulen på Solheim. Gå austover og over brua. Rett etter brua svingar du til venstre og inn på ein grusveg. Rett etter at du har passert ei ny lita bru tek du...

Praktisk info

Enjoy-kode: 212876
Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare fylkesveg 544
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom, Barn
Varighet
3 timer
Lengde
4.8 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar ved parkeringsplassen ved skulen på Solheim. Gå austover og over brua. Rett etter brua svingar du til venstre og inn på ein grusveg. Rett etter at du har passert ei ny lita bru tek du til høgre og på skrå opp på Langeberget. Langeberget er lett og fint å gå, med Furenesvatnet på høgre hand og Hopen til venstre. Etter Langeberget kryssar du ei lita elv, og går vidare vestover til du møter skogsvegen. Skogsvegen følgjer du vidare. Ta vegen til høgre når den deler seg. Frå enden av skogsvegen tek du bratt opp lia mot nord nordaust. Stien er litt vanskeleg å sjå akkurat ved skogsvegenden, men når du finn den er den tydeleg opp den første kneika. Frå enden av skogsvegen er det merka med raude merker opp til Rusta. Etter å ha følgd eit lite myrdrag austover ca 100 m tek du igjen på skrå oppover lia til du kjem opp i nedkanten av ei stor myr. Aust for myra tek du igjen nordaustover opp bakken til ei ny flate med ei langstrakt myr på. Rett vest for ein liten bekk som kjem ned i myra svingar du først nordvest og så nordaust til du kjem opp på neste nivå som er flatt. Gå litt nordover eit stykke aust for tjørnet før du svingar vestover mot Dalreset. Her er lett å gå og vegen seier seg sjølv. Frå toppen av Dalreset er det fint å gå eit stykke nordover langs kanten. Du er no rett ovanfor fossen i Fessene mellom Storevatnet og Fessevatnet. Det er ein flott plass å sjå fossen frå.

Ruta er teikna inn og er ei rettesnor.

Høgde 60 – 565 m o h