star
star
star
star
star

Norddalsfjord Solheim skule - Blåfjell

Turen startar ved parkeringsplassen ved skulen på Solheim. Gå austover og over brua. Rett etter brua svingar du til venstre og inn på ein grusveg. Rett etter at du har passert ei ny lita bru tek du...
Foto: Frokor

Praktisk info

Enjoy-kode: 173706
Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare fylkesveg Fv 544
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Eldre, Ungdom
Varighet
3 timer
Lengde
4.6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar ved parkeringsplassen ved skulen på Solheim. Gå austover og over brua. Rett etter brua svingar du til venstre og inn på ein grusveg. Rett etter at du har passert ei ny lita bru tek du til høgre og på skrå opp på Langeberget. Langeberget er lett og fint å gå, med Furenesvatnet på høgre hand og Hopen til venstre. Etter Langeberget kryssar du ei lita elv, og går vidare vestover til du møter skogsvegen. Skogsvegen følgjer du vidare.. På slutten av skogsvegen tek du bratt opp lia mot nordaust og skrår lia austover i furuskogsterreng til du kjem opp på ei flate. Då ser du Blåfjell rett over i nord. Gå vidare mot aust og skrå oppover lia. Her vert bjørkeskogen og vegetasjonen skrinnare. I tregrensa må du forbi eit trongt parti der du følgjer ei smal hylle, som er om lag 10 m lang. Det er godt fotfest. Du går vidare opp Oksedalen og litt nordvestover i grasbakken før du svingar rett vest. Vidare opp dei berre sandsteinberga til toppen av Blåfjell 764 moh . Der kan du nyte utsikta

Sporet er teikna inn og er ei rettesnor