star
star
star
star
star

Norddalsfjord Øyrabakken - Langevatnet - Solheim

Turen er skilta og merka med blått til Langevatnet. På Øyrabakken tek ein av frå fylkesvegen følgjer ein enkel traktorveg opp gjennom eit beite. Først litt mot vest før vegen svingar mot aust. På...

Praktisk info

Enjoy-kode: 743383
Følg Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare på Fv 644
Type
Turer
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne, Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
7.3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen er skilta og merka med blått til Langevatnet. På Øyrabakken tek ein av frå fylkesvegen følgjer ein enkel traktorveg opp gjennom eit beite. Først litt mot vest før vegen svingar mot aust. På enden av skogsvegen er du komen opp på Øpsteholten og får for fyrste gong utsikt austover Midtbø. Følg den blå merkinga på skrå austetter lia. Frå Øpsteholten og eit stykke opp er det bratt. Nokre stader er det sett opp gjerde som sikrar turgåaren. Pass på å følgje skilt mot Langevatnet. Etter ei stund svingar stien vestover, og etter litt kan ein gå fram på eit sva med god utsikt mot sørvest. Stien flatar no ut. Ein går gjennom eit lite granfelt før ein går i skrinn furuskog mot nordvest. Etter kvart tek stien ein meir nordleg retning heilt til ein kjem på høgda rett sør for Langevatnet. Ein svingar no mot nordaust og følgjer god sti og merking til austre enden av Langevatnet.

Ved austenden av Langevatnet følgjer ein ikkje lenger merking. Kryss utlaupselva og gå rett mot nord opp ei bjørkeli, vest for ein bekk som kjem ned lia. Så snart ein kjem opp lia, bjørkeskogen vert glisnare og det flatar litt ut så svingar ein rett vest på ein markert rygg. Følg ryggen mot vest. Stien svingar no mot høgre og ned frå ryggen. Vel nede frå ryggen tar du mot vest igjen på nordsida av Langevatnet. Gå gjerne på sørsida av tjernet og kryss utlaupsbekken frå det. Langs nordsida av Langevatnet er det forholdsvis flatt og godt å gå. Ca 300 m før den vestlege enden av Langevatnet bør du halde litt høgde. Stien går her oppunder ein liten hammar. Så snart du har passert dette knipet går stien på skrå ned mot vatnet. Siste 100 m går stien heilt i vasskanten til den vestre enden av Langevatnet.

Frå vestre enden av Langevatnet går ein vestover, men trekker litt mot sør slik at ein kjem opp på høgda der ein passerer nokre tjørner. Her har du vid og fin utsikter mot vest. Litt vest for tjørnene skrår ein ned lia og får Blåholten til venstre og sidan ei stor myr på høgre hand. Hald fram på skrå ned lia mot sørvest til du når enden på skogsvegen. Følg skogsvegen eit stykke og ta så siste etappen av turen austover Langeberget. Siste del av turen, frå omlag tjørnene til Solheim er og skildra i turforslag til Dalareset og Blåfjell.

Løypa er teikna inn på kartet og er ei rettesnor