star
star
star
star
star

Norddalsfjord. Nedstevatnet - Støylen - Dyttingevatnet - Kvernavatnet - Solheim Skule

Turen startar med å gå vegen 150 m mot Grøndalen, ta av på skogsvegen på venstre sida og gå vidare opp ein bratt bakke til skogsvegen flatar ut. Der tek du av til høgre langs eit hamrelag ca. 150 m...
Foto: Arnfrid Bergheim

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 942767
Køyr på fylkesveg 544 mot Grøndalen i Norddalsfjord, forbi Sunndalen og parker ved brua over elva mellom Nedstevatnet og Sunndalsvatnet 17,5 km frå Norddalsfjordkrysset
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Barn, Voksne, Eldre
Varighet
5 timer
Lengde
11.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar med å gå vegen 150 m mot Grøndalen, ta av på skogsvegen på venstre sida og gå vidare opp ein bratt bakke til skogsvegen flatar ut. Der tek du av til høgre langs eit hamrelag ca. 150 m til ei klynge med store lindetre. Der følgjer du ein dyresti mot nord oppover langs ein hammar. Ved enden av hammaren tek ein til venstre vidare opp lia og følgjer stien som svingar 180 grader mot sør til ein får utsyn over Sunndalsvatnet. Der tek du til høgre vestover over ei myr og kryssar ei lita elv. Deretter går ein vidare oppover ein furukledd kolle til eit berglendt høgdedrag. Her kan ein nyte flotte utsyn vestover mot Midtbø og austover mot Sunndalen. Følg høgdedraget vestover. Når du er komen til austenden av Støylsvatnet er det fint å ta ein avstikkar til Støylen på kartet - Nordre Midtbøstøylen. Då kryssar du elva som renn ut or vatnet og følgjer stien bort til det eine stølshuset som står att, det att ein støyl den andre er flytta attende til Midtbøstøylen i 2017(støylshus var då 90 år).

Etter å ha vitja støylen går du attende til sørsida av Støylsvatnet. No finn du lett vegen vidare mot vest. Dersom du held litt mot sør så kan du følgje kanten vestover slik at du store deler av turen her kan nyte utsikta ned mot dalen og det fine kulturlandskapet. Når du nærmar Dyttingevatnet så skal du halde mot sør slik at du kan krysse utlaupselva. Rett før du kjem til utlaupet må du over toppen på ein liten kolle.

Før du kryssar utlaupselva bør du ta turen fram på kanten og nyte utsikta mot bygda. Her er godt utsyn både vestover dalen og austover mot Sundal. Dette er den ideelle staden for ein rast og ein matbit.

Vegen vidare mot vest går på berg. Følg då høgdedraget forbi små tjørner slik at du ser dalen og innlaupselva til Dyttingevatnet på høgre side. Når dei berre berga tek slutt skal du krysse eit lite søkk. Hald då til venstre (sør) for høgdedraget som går i aust/vest retning. Etter å ha kryssa søkket er du ca på kote 375. Følg denne kotehøgda eit lite stykke vestover før du gradvis slepper deg ned til kote 350. Sving svakt mot sør slik at du kjem fram til Kvernavatnet. Passer sør for vatnet.

Etter å ha passert Kvernavatnet svingar du mot nord igjen slik at du er om lag rett vest for midten av vatnet. Her går du rett vestover om lag på høgste ryggen. Snart opnar utsikta seg mot havet. Hald fram rett vest til du møter skilt og raude sirupssnippforma merker på trea. Følgjer du merkinga rett mot sør så kan du gå ned til Langeberget og bygda via Hella. Denne nedstiginga er bratt og ulendt. Med mindre du likar slike utfordringar så er det eit betre alternativ å krysse den merka stien og skrå ned lia mot sørvest og fortsette forbi (sør for) ei stor myr. Når du har passert ca to tredjedelar av den store myra på kote 320 så slepper du deg på skrå ned lia mot sørvest. Etter ei stund kjem du ned på ei langstrakt smal myr. Fortset langs sørsida av denne heilt til vestenden. Her går det sti ned til enden av ein skogsveg. Denne siste biten ned til skogsvegen kan vere litt kronglete og bratt. Skulle du ikkje finne ned på rette staden så går det fint å trekke litt vestover, der det går fleire stiar ned til enden på skogsvegen.

Følg skogsvegen mot sør, vest og så mot aust. Du kan her velje om du vil følgje skogsvegen til fylkesvegen i Myrane eller ta austover over Langeberget og til Solheim skule som Gps sporet på kartet viser.

Vær obs på Dyttingevatnet og Kvernavatnet er drikkevatn til folka i Norddalsfjord

Gps poret på kartet vart gått 16.juni 2019 - fellestur med Flora Turlag