star
star
star
star
star

Norddalsfjord. Lassenipa

Turen startar i Sunndalen, omlag 17 km frå krysset til Norddalsfjorden. Når du rundar rundt vatnet i Sunndalen, tek du til høgre opp ein privat grusveg mot Budalen. Etter omlag 1 km kjem du til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 730587
Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare Fv 544 til Sunndalen
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom, Barn
Varighet
3 timer
Lengde
6.5 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar i Sunndalen, omlag 17 km frå krysset til Norddalsfjorden. Når du rundar rundt vatnet i Sunndalen, tek du til høgre opp ein privat grusveg mot Budalen. Etter omlag 1 km kjem du til brua som kryssar Budalselva. Her står det skilt med informasjon om Ålfotbreen Landskapvernområde og eit skilt som viser veg til Lassenipa. Her kan du parkere. Du går først på traktorveg til du ser stien på høgre hand. Stien er bra merka og går først gjennom bar- og lauvskog til du kjem opp til brua ved Stokkjen. Her er det skilt mot Lassenipa. På berga nokre hundre meter etter brua, deler stien seg. Føl du stien som går beint fram, kjem du opp til Fjellvatnet. Det er difor viktig å halde til høgre og følgje berga nord-austover dersom du vil på Lassenipa. Dette partiet er godt merka med vardar og noko raudmaling på steinar og berg. Stien vidare går delvis i skog, myr og berg til du kjem opp til Rastene. Rett før må du over ei elv som kan vere vanskeleg å krysse tørrskodd ved høg vassføring , men då er det berre å ta av seg på beina og vasse over. På Rastene er det skilt om at ein no er inne i Ålfotbreen Landskapvernområde og du kjem inn i det særmerkte terrenget i Ålfotenmassivet med hyller som går frå aust til vest. Her er det fint å ta pause og nyte flott utsikt utover Norddalsfjorden, ut mot Florø og øyane utanfor. Ruta vidare er ikkje godt merka, men det er relativt god sti opp på første høgda, ovanfor hytta på Rastene. Deretter må du skrå opp og nord-austover gjennom ei steinur til du kjem opp på ein kant med eit lite tjern. Her tek du oppover og nordover på tvers av hyllene til du kjem opp på ryggen som fører mot Lassenipa. Her ifrå er det ope lende utover til Lassenipa. Når du kjem inn til foten av toppen, kan du anten gå sør-vestover og rundt på framsida, eller du kan ta nord-vestover og opp skråberga på nordsida. Frå Lassenipa er det god utsikt til dei spesielle fjellformasjonane i Trongedalseggene og Ålfotbreen som ligg i nord. Dei lyse og mest dominerande bergartane er konglomerat og dei mørkare partia er erodert sandstein. I nordvest ligg Saga, Plogen og Keipen, og rett vest reiser Børa seg i si karakteristiske form. Mot sør kan du sjå Blægja og Storehesten og på klarversdagar kan du skimte Jostedalsbreen i aust. Den fantastiske utsikta toppar seg ved at ein kan sjå langt ut i havet!

Høgde 160 – 1024 m o h