star
star
star
star
star

Norddalsfjord Gravplass - Hestedalen. Rundtur

Turen til Hestedalen startar frå gravplassen i Norddalsfjord. Følg traktorvegen til Litlevatnet, vidare rundt vatnet til Øyrane. Øyrane er fin plass for dagstur med barn og her er det fint å sette...
Foto: Astrid B Eliassen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 633885
Til Norddalsfjord følgjer du Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare Fv 544
Type
Turer
Passer for
Barn, Ungdom, Voksne, Eldre
Varighet
5 timer
Lengde
15.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen til Hestedalen startar frå gravplassen i Norddalsfjord. Følg traktorvegen til Litlevatnet, vidare rundt vatnet til Øyrane. Øyrane er fin plass for dagstur med barn og her er det fint å sette opp telt. Turen opp til Øyrane er 2,5 km. Her har du fleire val for å komme til Hestedalen.

  1. Du kan gå over Øyrane og følgje den merka stien til elva frå Hestedalen, over brua og inn mot det trange skaret mot Nesjeholten. Her er det bygd ein vegstubb som endar litt opp i Hestedalsskora. Følg vegsstubben til endes og vidare opp skora. Merk deg den grove skogen her. Snart er du på toppen og kjem inn i Hestedalen på nordsida av elva og vatnet.Elva kan du krysse (den kan være stor i snøsmelting og ved mykje nedbør) før vatnet og finne fram til dei gamle sel tuftene. Ved høg vassføring kan du krysse elva ovanfor Hestedalsvatnet.
  1. Du kan følgje same vegen til å begynne med – frå Øyrane og innover. Du stansar ved brua og tek av til venstre. Her går det sti opp berga på sørsida av elva. Er fossane store, får du ei spektakulær oppleving. I det du kjem på toppen, møter du dei gamle seltuftene og dalen med vatnet framfor deg.
  1. Her er det til å begynne med som for A og B. Over Øyrane og vidare etter merkinga. 200 – 300 m før brua møter du ei pil som peikar nordover mot hamrane - HEIA. Oppover hamrane finn du den gamle stølsråsa – Klovetroppa heiter råsa. På eit punkt er det tilrettelagt med steg. Denne stien har vore mykje brukt. Det tyder alle namna som er rissa inn i berget på. Du finn dei like før du kjem til toppen. På toppen møter du også her dei gamle seltufta.
  1. Du kan og ta av til venstre straks du kjem gjennom grinda før Øyrane, til Øyrelægda. Du følgjer Øyrelægda knapt 1 km. I hamrane på nordsida er det eit tydeleg søkk. Her kan du gå vidare opp til Hestedalsheia og Hestedalen, denne rundturen er om lag 6 km frå gravplassen.

Fjellet mellom Hestedalen og Øyrelægda heiter Gløsen – 694 m. Ein fin tur kan vere å gå gjennom Øyralægda og runde Gløsen. Så tilbake til Øyrane gjennom Hestedalen. Det er denne turen som det ligg spor på og er gått via stølsmurane på Hestedalsheia. Det er også gått litt fram og tilbake, mykje rart å sjå på/etter. Litt lenger tur og er ein raud tur. Dyretråkk kan vere greitt å sjå etter for å finne gode vegval.