star
star
star
star
star

NORDAG - turløype langs krigsminne i Saudasjøen

Bli kjend med den spanande historia om Sauda under andre verdskrigen! Den gongen såg bygda annleis ut enn i dag, og i denne løypa kan du følgja dei historiske spora og krigsminna. Løypa går...
Foto: Foreininga for krigens kulturminne i Sauda

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 458109
Parkering ved Sauda fjordhotell, Risvoll skule, eller ved campingen i Saudasjøen.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
3.2 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Bli kjend med den spanande historia om Sauda under andre verdskrigen! Den gongen såg bygda annleis ut enn i dag, og i denne løypa kan du følgja dei historiske spora og krigsminna.

Løypa går hovudsakleg i Saudasjøen, der Nordag-fabrikken låg. Du kan gå løypa slik du sjølv vil.

Kartet viser forslag til ei rundløype der du får med deg alle punkta. Om du vel å starta eller slutta i Sauda, og slik følgja den historiske traseen til jernbanen mellom Sauda og Saudasjøen, gjer du løypa 2,7 km lengre. Les meir om jernbaneløypa her https://www.ut.no/tur/2.21541/.

Lengd: 3 km Med rullestol/barnevogn: Store delar av løypa kan ein ta seg fram med hjul, men mellom punkt 2 og 3 er det ei trapp, og stien mellom punkt 7 og 8 er for bratt for rullestol.

Les meir om turen her: https://www.krigsminnesauda.com/

Sauda under 2. verdskrig

Under andre verdskrigen var Sauda interessant for den tyske okkupasjonsmakta av to grunnar: Den eine var tilgangen på vasskraft og den andre var smelteverket EFP i Sauda. EFP var då mellom dei største leverandørane av ferrolegeringar, ein viktig komponent i stål, og slik ei viktig råvare for den tyske rustningsindustrien. Det tyske flyvåpenet Luftwaffe trong store mengder aluminium til produksjon av krigsfly.

Nordag - programmet

Nordag-programmet vart utvikla på bakgrunn av dette og hadde som målsetjing ein gigantisk produksjon på kring 150 000 tonn aluminium i året. For å få til dette måtte det byggjast opp nye fabrikkar som kunne produsera og levera slike mengder. Sauda var ein av fleire stader der den tyske okkupasjonsmakta satsa tungt. I løpet av krigsåra 1942-1945 vart det reist ein ny fabrikk i Saudasjøen.

Fabrikken

Fabrikken i Saudasjøen skulle produsera aluminiumoksid. I denne prosessen var det meininga å nytta ein metode som var basert på bauxitt eller labradoritt som råstoff. Dette råstoffet skulle smeltast i ein av omnane til smelteverket, EFP, inne i Sauda. Denne første delen av prosessen gav råjern som biprodukt, men hovudproduktet var slagget, kalla alumina. Dette vart frakta frå smelteverket i Sauda på ein ny jernbane ut til den nye fabrikken i Saudasjøen der slagget blei foredla.

Brakkebyen

Bygginga av det store anlegget med alt det førte med seg, jern-bane, fabrikkbygningar, lagerbygg, damanlegg og kraftstasjonar - betydde mykje arbeid og nye arbeidsplassar. Det var ei viss arbeidsløyse på den tida, og både lokale og tilreisande fekk seg arbeid. I tillegg nytta den tyske okkupasjonsmakta seg av tvangsarbeidarar til ulikt arbeid i Sauda. Det var over tusen sovjetiske tvangsarbeidarar i tillegg til franske og danske arbeidarane. På det meste var folketalet godt over 7 000 i Sauda. Det var mangel på husvere over heile bygda og dette førte til at det blei bygd ein heil “by” av brakker i heile Saudasjøen.

Slutten for fabrikken

Produksjonen ved den fullautomatiserte aluminiumoksidfabrikken i Saudasjøen starta 13. januar 1944 og fabrikken produserte ca 9000 tonn oksid fram til våren 1945. Tyskarane brukte ca 178 millionar kroner på anlegget i Sauda.

Grunna problem med mellom anna manglande arbeidskraft og tilgang på material blei planane for dei ulike anlegga andre stader i Noreg reduserte. Fabrikken i Saudasjøen var den einaste som kom i produksjon før krigen tok slutt.

Verket i Saudasjøen blei rive i 1951, og utstyret blei flytta til aluminiumsverket i Øvre Årdal. Sjølv om fabrikkbygningane vart fjerna snart etter krigen, er det framleis ein del fysiske spor etter anlegget og krigen rundt om i Saudasjøen. Damanlegg, gjerder og kanonstillingar vitnar om ei tid då bygda såg heilt annleis ut enn i dag. Desse krigsminna kan ein sjå langs turløypa.