No veks der berre blomar

«Eg hadde ingen. Og alle stader eg oppheldt meg, kunne der vere nokon som ønskte meg vekk. Eg måtte trøyste meg sjølv når gråten kom om kvelden: «Så så, Karin Maria! Du blir jo vaksen ein...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

13.aug
2022
kl 13:30

Detaljer

«Eg hadde ingen. Og alle stader eg oppheldt meg, kunne der vere nokon som ønskte meg vekk. Eg måtte trøyste meg sjølv når gråten kom om kvelden: «Så så, Karin Maria! Du blir jo vaksen ein gong!»

Slik fortel Karin Maria Korsvik til Johanne Øvstebø Tvedten, formidlar ved Sunnhordland museum. Det er ei varm, men også rystande forteljing om korleis ei lita jente frå Bergen blei plassert hos framande på ein gard i Fitjar i januar i 1945. Mormora klarte ikkje lenger å halde den viltre treåringen skjult for omgjevnadene, og kva ville skje når freden ein dag kom? Den vesle jenta var barn av ei ung, norsk mor og ein tysk soldat som alt hadde falle i krigen på Austfronten. Heldigvis var Karin Maria sterk og hadde eit lyst sinn. Det skulle hjelpe henne til å overleve.

Johanne Øvstebø Tvedten er utdanna drama- og teaterpedagog, og har lang erfaring frå undervisning, formidling og munnleg forteljing. Ho framfører denne forteljinga i «eg»-form, og viser samtidig autentiske bilde av Karin Maria si mor og hennar store kjærleik, Kurt, og av Karin Maria sin oppvekst på Fitjar.

Vi rettar ein stor takk til Karin Maria Korsvik for at ho deler si forteljing så ope og raust med oss. «Folk treng å få vite», seier ho, «for å kunne sjå det som skjedde den gongen frå ein annan ståstad.»

Praktisk info

Enjoy-kode: 732994
Type
Scene
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker