star
star
star
star
star

Nessteinen

Nessteinen ligg 659m over havet, og er ein topp som ein berre kan koma til ved 4-5 ”inn/utgangar”. Frå parkeringsplassen fylgjer du ein skogsbilveg oppover, og ved eit lagerskur tek ein mot høgre...

Praktisk info

Enjoy-kode: 960399
Turen til Nessteinen startar frå parkeringsplassen ved Nybru på FV49, på toppen før ein kjem ned til ”Neskrysset” som fører ned til Neshalvøya (frå Norheimsund).
Type
Turer
Passer for
Alle
Varighet
5 timer
Lengde
5.7 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Nessteinen ligg 659m over havet, og er ein topp som ein berre kan koma til ved 4-5 ”inn/utgangar”.

Frå parkeringsplassen fylgjer du ein skogsbilveg oppover, og ved eit lagerskur tek ein mot høgre (nordaust). Føl traktorvegen vidare oppover. Ved Insta Gråura opnar utsikten seg mot Oma. Vegen svingar då nordvestover igjen, føl denne til endes, til Benken.

Frå Benken går vegen over til sti, merka med raude merkepunkt. Stien går fyrst rett nord og bøyer så av mot aust. Etter ca 400m kjem ein opp i ein furuhaug, Setrahaugen. Over her låg Nessetera.Føl stien vidare i same retning, men med ei brattare stigning i nordvestleg retning. Etter å ha passert ei lita kleiv, er ein no over i Moldbrekka, ei lita olderli før Vatnadalen. I Vatnadalen fylgjer ein stien på sørsida av bekken i dalen, til demningen ved vatnet – Debmå.

Her krysser ein og held fram vestover dalen på nordsida av vatnet. Føl vatnet heilt til endes før ein krysser over, og går opp den vesle lia under Steinsberget. Her passerer ein også nokre store steinar / blokker. No skal ein opp ein steg her, og gå opp til ein mindre stein som ein ser ligg oppe på kanten.

Då er ein fyrst oppe i Torgilstveit-skåra, føl raudmerka sti vidare, passerer restane etter ein gammal steingard og går nedover, mot sørvest. Ein fylgjer tilnærma bergveggen ca 200 m nedover, før ein skal klyve opp ein heller bratt steg. Vel oppe, vender ein 90 grader og går austover igjen. No registerer ein at det nærmar seg snaufjell. Her er stien også merka med små vardar innetter, om ikkje lenge ser ein varden og er ved målet - Nessteinen.

Returen frå toppen starter med at ein går litt austover, for så å ta sør-sørvestover. Ein skal sleppe seg ned på det andre hødgedraget, før ein igjen går austover igjen. Ein slepper seg ytterlegare ned eit nivå, og så austover igjen og er då med inngangen til Kalvaskår. Dette strekket er også merka med raude tremerke. Dette er den fyrste ”farbare” nedstigninga på austenden av Nessteinen. Kalvaskår går heller bratt nedover og i sørvestleg retning, ved enden av skåra vender ein igjen søraustover igjen.

Stien held fram i samme retning, fyrst gjennom ein del lauvskog. Når ein kjem til furuskog flatar terrenget ut og ein kan orientere seg mot Benken igjen, og føl same traktorveg tilbake til utgangspunktet. Alternativt kan ein fylgje svært synleg sti som går sørvestover frå Benken. Etter ca 200 m kjem ein inn på traktorveg som går heile vegen ned til første vegkryss ved Alteret.Gå austover og du kjem tilbake til lagerskuret ved start på turen, og vidare ned til parkeringsplass ved FV49.

Kåre Nes