star
star
star
star
star

Navarshei ifrå Lauperaksvegen – fjelltur utanfyre uppmerkt stig

Heidlandskapet sunnanfor Ørdalsvatnet mìllom Tjørn og Lauperak/Skinnelddalen lokkar til å taka seg ein gild fjelltur i fritt terreng utanfyre uppmerkte turløypor. Her finst det fleire fjelltoppar...
Foto: Jens Wyludda

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 529052
Når ein kjem ifrå Egersund køyrer ein på E39 mot Bjerkreim der ein tek av på Fv110 mot Lauperak. Denne vegen skal fylgjast via Tjørn og frametter igjenom Trongedalen til ein kjem til ein liten parkeringsplass på høgre sida av vegen - eit kort stykke fyre den tidlegare Folkehjelpshytta.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre, Ungdom
Varighet
30 minutter
Lengde
7.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Heidlandskapet sunnanfor Ørdalsvatnet mìllom Tjørn og Lauperak/Skinnelddalen lokkar til å taka seg ein gild fjelltur i fritt terreng utanfyre uppmerkte turløypor.

Her finst det fleire fjelltoppar ein kann stiga på, og den ruta som skal umtalast her, gjeng ifrå Lauperaksvegen innyver heidi ved Merrstadvatnet og frametter yver Fanafjellet mot Navarsheia som er namnet på den høgste toppen i dette umrådet.

Terrenget er noko ymsande, so ein vil finna urdlendte og ugreide parti med mykje yvergrodd stein, so vel som lettgjengde parti med tydelege dyretrakk der ein kann ferdast nokolunde snøgt og lettvint.

Når ein kjem ifrå Egersund køyrer ein på E39 mot Bjerkreim der ein tek av på Fv110 mot Lauperak. Denne vegen skal fylgjast via Tjørn og frametter igjenom Trongedalen til ein kjem til ein liten parkeringsplass på høgre sida av vegen - eit kort stykke fyre den tidlegare Folkehjelpshytta.

Turen byrjar på tydeleg stig som fører i sud-austleg leid innyver Kallbergdalen. Denne fyrste lùten av ruta er ein jamn men ikkje serleg bratt uppyverbakke, og ein vil endåtil finna nokre nødlingar her som gjerer det lett å orientera seg.

Stigen vender etter kvart noko meir mot sud inn i Kallbergdalen der ein kjem til eit gjerde med gjerdeklyvar.

Her skal ein taka av trakket austetter og finna seg ei renna der ein kann stiga uppyver den bratte bakken til vìnstre som fører ein frametter uppum Fanafjellet.

Terrenget flatar etter kvart ut so at det vert rimeleg einfelt å koma seg framyver på det siste stykket fyre ein når toppen. På Fanafjellet finst det ein noko større varde, men ingi turbok.

Turmålet – toppen av Navarsheia med den store varden sin – ligg no godt synleg framfyre ein mot sudaust.

Ifrå Fanafjellet skal ein halda fram nedyver att i austleg leid. Um lag 100 meter nordaustleg ifrå sjølve toppen er det restar etter gamle steingjerde, og her kjem det òg eit tydeleg dyretrakk til syne. Det gjeld då å fylgja dette trakket frametter med di ein vender noko meir mot sud og ferdast mot den sudlege enden av Øvra Heiingsvatnet. Underlaget er varierande med både lyng, berg og blaute, myrlendte parti med nokre småtjørner.

Ein fær finna den laglegaste ruta sjølv – det er ymse alternativ her – alt etter årstid og vegetasjon. Dyretrakki tener til orientering kor som er.

Når ein hev nått den sudlege enden av Øvra Heiingsvatnet bør ein fyrst ganga eit mùnalegt stykke innyver den flate og myrlendte renna som fører nokso beint sudetter mot Holmavatnet, og so tek ein umsider fyre seg den siste etappen og byrjar å stiga upp på toppen av Navarsheia. Sjølve uppstigningi vil då verta noko meir lettgjengd av di ein soleides slepp undan det ugreide og tolleg bratte partiet like sunnanfor Øvra Heiingsvatnet.

Etter at ein hev gjenge framum ei liti småtjørn, skal ein venda mot vest uppyver skråningi. Underlaget vert då snart meir steinut og fær sermerkt snaudfjellkarakter. Ruta fører so uppetter i sudvestleg leid, og den markante varden på toppen er no allstødt godt synleg so at ein berre lyt fara framyver til ein endeleg kjem seg til topps.

På attendeturen kann ein godt taka same veg, men det er òg fullt råd å freista ei noko avvikande ruta dersom ein ynskjer å få meir variasjon. På den siste lùten fyre ein kjem att til Lauperaksvegen er det då t.d. mogelegt å ganga langsmed Merrstadvatnet.

NB! Vedlagd GPX-fil er ei moderat normalisert spor-uppteikning som kann tena til orientering. Sporet svarar nokolunde nøgje til den røynleg gjengne ruta. Gangtid tur/retur vert um lag 3 - 3,5 timar – pausar kjem attåt.