star
star
star
star
star

Nausthammaren – lettgjengd skidtur i Faurefjellet

Nausthammaren er vel ein helder lite kjend fjelltopp i Faurefjell-umrådet nordanfor Vikeså. Når snjo-tilhøvi i fjellet er greide nok, er denne toppen eit fint og lett uppnåelegt (skid-)turmål – òg...
Foto: Jens Wyludda

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 362208
Ein når utgangspunktet åt denne turen med di ein køyrer på Fv112 ifrå Vikeså via Skjæveland nordetter mot Nedrebø/Fuglestad. Bilen kann parkerast i ei veglùmma på fylkesvegen ved vegvisaren «Faureknuten», og so startar ein turen langs grusvegen innyver Faurefjellet.
Type
Turer
Passer for
Barn, Ungdom, Eldre, Voksne
Varighet
40 minutter
Lengde
5.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Nausthammaren er vel ein helder lite kjend fjelltopp i Faurefjell-umrådet nordanfor Vikeså. Når snjo-tilhøvi i fjellet er greide nok, er denne toppen eit fint og lett uppnåelegt (skid-)turmål – òg for den som ikkje stend so trygt på langrenn-skid enno.

Det er tala um ein høveleg og lettgjengd sundagstur, so ein lyt ikkje rekna meir enn maksimalt 2 timar att og fram for heile ruta (utan pausar).

Bilen kann parkerast nede ved Fv112 (Nedrebøvegen, v/vegvisar «Faureknuten»), og so startar ein turen langs grusvegen innyver Faurefjellet.

Det er berre å fylgja denne grusvegen til ein kjem ei liti tjørn der det er sett upp ei turtavla («Faurefjell») som gjeld sùmarturstigen upp på Faureknuten.

Herifrå skal ein halda fram på same vegen som etter kvart gjeng yver i ein litt smalare traktorstig. Det er framleides nokso greidt å ferdast her jamvel um uppyverbakken aukar makleg.

Etter eit par hundrad meter flatar stigen av og endar med ei grind og ein gjerdeklyvar. Herifrå er det berre å setja kursen uppyver den nokolunde jamne skråningi rett mot toppen av Nausthammaren som ligg beint i sudleg leid.

Ruta fører burtetter i fritt og ope terreng utan nokon stig/løypa, men det bør ikkje vera noko problem i det heile med di turmålet no ligg godt synleg framanfyre ein, og terrenget er yversynlegt og lettgjenge på skid når det er nok med snjo i fjellet.

Uppe på Nausthammaren finst det tri store steinar som formar ein liten «varde». Endå um toppen berre ligg 430 meter yver havet er utsynet heilt framifrå. Rett i nærleiken, i nord-austleg leid, ruver Faureknuten, den høgste toppen i Faurefjellet. I det fjerne kann ein mìllom anna sjå Store Skykula og Solbjørgnipa og endåtil ein liten lùt av det opne havet som skimtar mot sud.

Um lag 200-300 hundrad meter vest for Nausthammaren er det ein snaud (og namnlaus?) fjellknatt til som er snøgt og einfelt å nå derifrå, so ein fær helst taka turen uppum denne toppen òg.

På vegen attende gjeld det i grunnen berre å renna nedyver bakken, radt ifrå den andre toppen og nokolunde beint ned til ein atter hev nått den staden der traktorstigen endar i heidi.

På den siste lùten held ein fram nedyver langs same grusvegen til ein kjem att til fylkesvegen der bilen stend parkert.

(Bilæte frå tvo ulike turar på same ruta)