star
star
star
star
star

Natur - og kulturtur Hovden - Sloaros

Frå parkeringsplassen ved skisenteret går du etter traktorvegen. Merkinga startar etter ca. 1 km. Setesdal vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde (SVR) Etter ca. fire kilometer kjem du inn i...
Foto: Skåtan/ Thommasen

Praktisk info

Enjoy-kode: 430962
Rv 9 frå nord og sør til Hovden. Frå Hovden er det merka løype, ca. 5 timar. Løypa startar ved Hovden Skisenter (Skisentervegen 155). Første stykket på grusveg inn til Lundebuteigen, Vidare merka løype.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Varighet
5 timer
Lengde
18 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen ved skisenteret går du etter traktorvegen. Merkinga startar etter ca. 1 km.

Setesdal vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde (SVR)

Etter ca. fire kilometer kjem du inn i verneområdet. Stien Hovden-Sloaros går gjennom eit svært viktig leveområde for villreinen. Her er det og kalvingssone med ferdselsrestriksjonar frå 25. april til 31. mai. Skulle du vere så heldig å sjå villrein, er det viktig at du ikkje uroar dei.

Vidmyr naturreservat

Aust for stien etter ca. 2 km kan du ta ein avstikkar til Vidmyr naturreservat. Her er i dag skjøtsel i form av myrslått for å ta vare på sjeldne planter og sjeldne naturtypar. Delar av myra er terassemyr.

Falkaskaret

Dette skaretligg vest for stien på høgde med Nos. Her var det falkefangst på 1600- og 1700-talet. Europeiske falkonerar dreiv fangst på jaktfalkar som dei selde til velståande adelsmenn. Den norske jaktfalken var sterkt etterspurd. Prisen på ein falk kunne vere på 20-30 riksdalar. Til samanlikning kunne ei mjølkeku koste tre riksdalar.

Støylskaret

Etter nok ein kilometer ligg Støylskaret vest for stien. Dette skaret var støylsvegen for gardane i Breive når dei skulle til og frå støylane ved Lislevatn.

Veggjin

Dette er ei lang fjellrekke aust-vest. Namnet er lett å forstå, fjellrekka står der som ein vegg. Området her og rundt heile Hovden er svært kalkrikt. Dette er grunnen til at planter som treng kalkrik jord trivst, og artsmangfaldet av fjellplanter er stort. Dei kalkrike bergartane har også gjort at auren i fjellvatna i området og i Otra klarte seg godt på trass av den sure nedbøren.

Krossloskaret

Vegen til Sloaros går gjennom Krossloskaret. Namnet Krosslo tyder rett og slett vegkryss. Fleire vegar møtest i dette skaret. Den eldgamle ferdslevegen og pilgrimsleden frå Fjellgardane til Røldal gjekk gjennom dette skaret. Folk trudde dei kunne bli friske av å oppsøkje krusifikset i Røldalskyrkja.

Juvshedder/Juvshedderkulten

Når du nærmar deg Juvshedderkulten, finn du Juvslega austafor stien. Ei lege var ein samlingsplass for driftene av storfe som beita i heiane om sommaren på 1800- og litt inn på 1900-talet. Gjetarane heldt til under hellerar eller i primitive steinbuer. Juvslega er bare ei av over 30 leger i området til Fjellgardane.