Nasjonal Turistveg Ryfylke

Opplev frodige fjorder og nakne fjell langs den Nasjonale Turistvegen i Ryfylke!
Foto: By Vikingstad

Praktisk info

Enjoy-kode: 704656
Type
Attraksjoner
Passer for
Barn, Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
Enjoy

Omtaler

Sponsede linker

Er du arrangør og vil motta bookinger direkte her for denne aktiviteten?

Aktiver booking nå

Les mer om Enjoy booking her

Detaljer

Reisa langs turistvegen i Ryfylke er ei reise i kontrastar. Her møter du nakent høgfjell, frodige lier, stupbratte fjellsider og djupe fjordar. Saudafjellet har ein særeigen natur. Den er knudrete, rå og gjenstridig og du kan ta deg i å lure på kva i all verda fekk nokon til å leggje ein veg akkurat her.

Ved Svandalsfossen kan du gå i trappene og verkeleg kjenne på både vatnet og kreftene. Nokre gonger har fossen så kraftig vassføring at politiet må trå til og sleppe ein og ein bil gjennom vasskya som dekkjer vegen. Akkurat dette er nesten litt eksotisk. Lengst sør på denne vegen finn du Lysefjorden. Lysefjorden er kanskje på sitt aller vakraste når mørke skyer heng over fjorden og berre slepp små striper av gyllent ljos gjennom. Sidan Ryfylke er ei lang og variert strekning, så kan det være lurt å bruke god tid. Her er det mange stader råd å ta små avstikkarar og ta pausar undervegs, anten du er nysgjerrig på industrihistoria i Sauda eller berre vil oppleve ein av dei flotte strandstadane som til dømes Sand. Langs denne ruta kan du delta på laksesafari og rafting eller leggje ut på ein fottur i skiftande terreng. Kjøreturen gjennom Ryfylke er ei allsidig oppleving på ein røff veg med mange sjarmerande sider.

Mang ein turist valfartar til Ryfylke. Her finns nemleg nokre av dei mest spektakulære naturattraksjonane Norge har å by på. Preikestolen og Kjeragbolten er begge, med Lysefjorden i bakgrunnen, populære både som turmål og fotomotiv. Langs vegen er det også mange idylliske stader som er verd å leite etter. Det er også to korte ferjeturar på denne vegen kor du kan nyte frisk sjøluft og ta fjordane i nærare augesyn.

Dette er ein lang turistveg som går igjennom skiftande terreng. Med start på fylkesveg 520 frå Håra i nærleiken av Røldal får du ein klatreetappe opp mot Saudafjellet og ei fin sykkeloppleving over fjellet før ein anbefalt stopp ved dei nedlagte sinkgruvene i Allmannajuvet. Langs Saudafjorden er det fleire tunnelar, men her er det mogeleg og ta gamlevegen rundt. På fylkesveg 517 mellom Ropeid og Ostasteidn må du gjennom ein tunnel på om lag 1 km. Den sørlegaste delen av turistvegen frå Lovra til Oanes er relativt kupert, men med ei fin oppleving av fjordlandskapet i Ryfylke. Vi anbefaler ikkje å sykle den nordlegaste delen av riksveg 13 frå Håra til Lovra då strekninga har fleire lange tunnelar som det ikkje er mogeleg å sykla rundt.

Du kan kombinere turen med Nasjonal sykkelrute 2 som mellom anna går frå Stavanger til Lysebotn. Frå Stavanger kan du også følge Nasjonal sykkelrute 1 langs kysten. Denne biten er også ein del av den europeiske sykkelruta «North Sea Cycle Route» Eurovelo 12.

Kart