star
star
star
star
star

Myrsete, Munketrimmen

Turen går frå Lofthus sentrum og opp skogsvegen via Eidnes/ Lofthus. Deretter går den gamlevegen via slåttene og opp til Skitneskallen. Som ein ekstra opplevelse går turen gjennom beiteområde for...
Foto: Ivar Eidnes

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 807428
Turen går frå Lofthus sentrum, og opp skogsvegen via Eidnes/ Lofthus. Turen endar ved Lofthus Camping og vidare til sentrum.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
7.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen går frå Lofthus sentrum og opp skogsvegen via Eidnes/ Lofthus. Deretter går den gamlevegen via slåttene og opp til Skitneskallen. Som ein ekstra opplevelse går turen gjennom beiteområde for hestar og geiter. Alternativt kan skogsvegen følgast forbi bommen til Skitneskallen. Deretter stien inn i skogen og mot Myrsete. Turens mål er nådd når det dukkar opp eit stølshus med postkasse på. For å gjere turen ekstra spennande, anbefalar me stien vidare over Myrsete og bort til skogsvegen som går ned til Helleland. Dette er ein fin veg med flott utsikt. Ein kjem deretter ned på Lofthus Camping og kan vandre tilbake til sentrum.

Turen til Myrsete er ein av turane i munketrimmen. Munketrimmen er eit trimtilbod på Lofthus som består av 10 ulike turar. Går du 8 av turane, (6 av 10 under 12 år) får du flotte premiar). Søk på Munketrimmen, arrangørUTIL(Ullensvang turn- og idrottslag).