star
star
star
star
star

Myklebustsetra

For å kome til Mykebustsetra må du gjennom eit område med stor fare for snøras vinterstid. Fonna kan også gå ei god stund utover våren. Forhøyr deg difor gjerne med lokalbefolkninga om det er trygt...

Praktisk info

Enjoy-kode: 802873
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre, Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

For å kome til Mykebustsetra må du gjennom eit område med stor fare for snøras vinterstid. Fonna kan også gå ei god stund utover våren. Forhøyr deg difor gjerne med lokalbefolkninga om det er trygt å gå denne turen. Oppstiginga til Myklebustsetra går tidvis gjennom bratt terreng og det er ein fordel å gå turen når det er tørt i terrenget. Ver merksam på at svaberga kan vere glatte når dei er våte. Stien er merka heilt til setra. På setrevollen kan du nyte utsikta både mot Melkevollsbreen i sør og Sunde i nord.

I tidlegare tider vart setrane nytta til støylsdrift om sommaren. Buskapen gjekk då på utmarksbeite i fjellet og vart melka på setra. Budeiene budde ofte på setra og hadde ansvaret for dyrehaldet desse månadane. Budeiene hadde også ansvaret for å lage ost og smør av melka. Produkta vart frakta nedatt til gardane på løypestreng.