Morgonstund med Celio de Carvalho (onsdag)

Morgonstund har gull i munn! Bli med Celio i regnskogen, og opplev nokre av musikkskattane frå heimlandet hans, Brasil. Han syng kjende songar, fortel nydelege historier, og spelar kjempefine...
06.jul
-
kl 10:00

Detaljer

Morgonstund har gull i munn!

Bli med Celio i regnskogen, og opplev nokre av musikkskattane frå heimlandet hans, Brasil.

Han syng kjende songar, fortel nydelege historier, og spelar kjempefine bossa- og sambarytmar, som du heilt sikkert får lov å danse til!

I samarbeid med fleire barnehagar i Sunnfjord kommune ynskjer vi små og store velkomne til morgonstund-konsertar i det fri.

Ta med frukostniste og nyt ei fin morgonstund saman med Celio og Førdefestivalen!

Denne konserten er gratis for alle.

Meir om artisten:

Celio de Carvalho - Brasil

Celio i regnskogen

Heilt sidan Celio de Carvahlo kom til Norge i 1983, har han gledd vaksne og born med brasilianske rytmar - og lydar - framkalla på trommer eller andre rytmeinstrument. På sin heilt spesielle måte tek Celio de Carvalhos element frå heile verda inn i den brasilianske musikken. Det gjer at bossa- og sambarytmane blir endå meir intense, men utan at den brasilianske kjensla blir borte. Den er alltid der. Det same er Celio si fantastiske utstråling og glede over å formidle musikk og rytmar til born i alle aldrar.

I år inviterer han borna med ut i regnskogen, dei dei får oppleve nokre av musikkskattane frå heimlandet hans, Brasil. Han syng kjende songar, fortel nydelege historier, og spelar kjempefin bossa- og sambarytmar, som det heilt sikkert er lov å danse til!

Praktisk info

Enjoy-kode: 330746
Type
Festivaler
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne, Barn
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo