star
star
star
star
star

MOLAND KULTURMINNELØYPE I FYRESDAL

Når ein går Kulturminneløypa kan ein velje om ein vil gå heile løypa, Folkestadbyen + rundløypa om Saukro og Bryggeparken, eller bare ein av sløyfene. Heile turen tek i underkant av ein time i...
Foto: Sven Bertil Lie

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 129423
Kulturminneløypa har utgangspunkt i Fyresdal sentrum. Parkering g start i Folkestadbyen v/Bygdetunet Øyskogen.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
2.7 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Når ein går Kulturminneløypa kan ein velje om ein vil gå heile løypa, Folkestadbyen + rundløypa om Saukro og Bryggeparken, eller bare ein av sløyfene. Heile turen tek i underkant av ein time i alminneleg turtempo. Turen er lett å gå og stiller ikkje særlege krav til fottøy- den eignar seg godt for både barnefamiliar og eldre. Store delar av løypa er tilgjengeleg for rullestol. Øyskogen og Bygdemuseet. ​Fyresdal har ein av dei største gravfelta i Telemark. Dei 18 gravhaugane frå yngre jernalder ( 600-1000 e.Kr.) ligg i bygdeparken, Øyskogen, som er ein del av kulturminneløypa. Her ligg og alle dei gamle bygningane som var vanlege på gardar i Fyresdal på 1800-talet. På gardstunet var det vanleg med lafta stogebygning, bur, loft, løe, stall og fjøs. Badstova og smia låg litt utanfor tunet grunna brannfaren. Alle dei gamle husa er frå ulike tidsperiodar mellom 1500 og 1800 talet og har informasjonskilt med namn på kva dei vart bruka til og kor dei kjem frå. Om sommaren kan du få omvisning. Kontakt turistinformasjonen. Skeid. Kvart år sidan 2016 vert Skeidet gjennomført. Vi har hatt Skeid i Fyresdal i om lag 1000 år med Skeidsteinen på Molandsmoen som eit bevis på dette. Frå gamalt av var det hestekampar men og ein møteplass og eit idrettsarrangement. På det noverande Skeidet er det Vikingritt, Skeid og Tingdag, slåttedag, marknad og barneteater i Øyskogen.

​Hamskiftet- Folkestadbyen voks fram. Det skjedde store endringar også i Fyresdal når vi gjekk over frå naturhushald til handelshushald .Det store Hamskiftet. Då voks Folkestadbyen fram, ei om lag 130 år gammal historie, ein liten landsby bygd på Århus og Prestegarden sin grunn. Hus vart flytt, ofte frå dei mange heiegardane, folk tok med seg husa sine, sette dei opp att, bygde uthus og laga ein hage rundt, der dei hadde kyr, gris, høner og dyrka grønsaker på dei små hageflekkane kring huset.

I "byen" levde innbyggarane av å produsere tenester for andre. Her budde det skogsarbeiderar, skreddarar, smedar, bakar, jordmor, folk som arbeidde på rutebåten på Fyresvatn, handelsmenn mfl.

Dei ordna seg så tett langsetter vegane at vegane blei kalla gater, derfor har vi to gater i Fyresdal Skippergata og Lensmannsgata og hovudgata,Folkestadgata, som har fått namnet etter ein av dei fyrste husa som vart sett opp her, Folkestad. Og vi tek oss framleis «ein tur på byn» når vi skal handle og i meir moderne tid har Folkestadbyen fått moderne butikkar og kvart hus har eit lite skilt som fortel om kor huset kom frå, kven som budde der,og kva dei gjorde. Dei fleste husa er frå tidsrommet mellom 1875 og 1950. ​Langs kulturminneløypa finn ein informasjonstavler med opplysningar om gravhaugar,Munkhola, slaggfunn, og den gamle fløytingsbåten Teisner som ligg i dokk nede ved Fyresvatn.

™

™