star
star
star
star
star

MOISESBERG KULTURMINNELØYPE I FYRESDAL

Moisesberg Gruvefelt. Eit eineståande gruvefelt i europeisk gruvesamanheng 1541 – 1549 I Fyresdal kan du nå oppleve ein spennande historie om Moisesberg gruveområde i Fjellgardane som i 1990-åra...
Foto: Lars Veum

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 956531
Frå Fyresdal sentrum køyrer ein FV 355 nordover til Veum. Ta til venstre på FV 405 til Fjellgardane (Fjellgardsvegen) og køyr ca.15 km til Aslestad. Vidare 1,5 km på merka privat veg til parkeringsplass for Moisesberg kulturminne¬løype. Kartreferanse: 32V 0436747 6576153.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
50 minutter
Lengde
1.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Moisesberg Gruvefelt. Eit eineståande gruvefelt i europeisk gruvesamanheng 1541 – 1549 I Fyresdal kan du nå oppleve ein spennande historie om Moisesberg gruveområde i Fjellgardane som i 1990-åra vart undersøkt av Norsk Bergverks­museum under leiing av forskar Bjørn Ivar Berg. I området ved gruvene Moberg og Grusen vart det registrert 132 røsk, 20 skjerp, 16 stollar med to luftesjakter og 20 kolgroper. Sidan spora etter gruvedrifta i liten grad var øydelagt, fann ein her eit tilnærma urørt bilete av måten gruvene var drivne på, noko som gjer funna eineståande i europeisk gruvesamanheng.

I 1537 rett etter reforma­sjonen sette Kong Christian 3. av Dan­mark/Norge i gang ein berg­verksoffensiv. Av desse var berg­verka Guldnes i Seljord og Moises­berg i Fyresdal dei viktigaste, men det blei også sett i gang drift av jernmalm ved Fossum i Skien og etter sølv og blymalm på Tråk, Bamle i same periode. Sommaren 1541 kom tyske berg­menn frå Sachsen til Fjellgardane for å starte opp Moisesberg koparverk. I to hektiske somrar blei det teke ut rettar til 106 skjerp. I 1541 var det ved Moisesberg drift på 23 gruver og 6 stollar, leia av m. a. 6 sjiktmeistrar. Vanskelege driftstilhøve, dårleg løn­semd og minkande malmmengde førte til at Kongen ga ordre til ned­legging av drifta 16. september 1549

Gruvesjakta, lok. 113, som tyskarane kalla "Dei lampertiske duvers gruve", var fylt med vatn, men også av stein av ukjent årsak. Dette var ulovleg etter gamal bergrett. Sjakta hadde på fleire måtar fungert som eit konserveringskar. Dette hekk saman med at vatnet har hatt lågt oksygeninnhald og låg temperatur (770 m.o.h.). Innhald av kopar i vatnet kan også hatt ein konserverande verknad. I sjakta fanst godt bevara tømmer­stokkar, kila fast i fjellveggen. Dendrokronologiske analyser av desse visar at dei var hogde vinteren 1541 – 42. Dette stemde med dei gamle rekneskapane, som synte investeringar i gruva 1541 – 42. Det blei funne to stigar, bord skore på oppgangssag, setteved frå fyr­setting, bergsjarn, bergsjarnskaft og ausekar. Sjakta hadde tre sidegangar, med spor etter bergsjern Bergbrytinga. Bryting for å vinne ut malmen av fjellet, gjekk føre seg ved kaldkiling og fyrsetting. I kaldkilingsteknikken nyttar ein m.a. bergsjern og handfeisel, kilhakke og brekkstang. Ved fyrsetting blei setteved stabla mot fjellveggen og bålet tent. Varmen frå bålet får berget til å utvide seg og spenningane fører til at fjellet sprekk opp. Fyrsetting vart også kombinert med kaldkiling. Kaldkilingsdrift kunne gje ei framdrift på nokre titals cm pr. månad. Ved fyrsetting kunne ein oppnå ei framdrift på 1-2m pr. månad. For­bruk av setteved kunne vere rundt 4 m³ pr. m³ fjell. Då forstår vi at heile skogar har forsvunne ned i gruvene. Nettopp forsyninga av ved til fyrsetting var eit kjerneproblem for gruvedrifta Foredling av malmen. Malmen som var broten ut blei skeida, knusa i pukkverk, røsta og til sist redusera til råkopar med litt sylv i smeltehytta. Det blei ikkje produsert ferdig kobbar lokalt ved Moisesberg og Guldnes, men sylvhaldig råkopar som blei sluttbehandla i Seigerhytta i Herre der sylvet blei ekstrahert ved seigring og koparen raffinert til garkopar, metallisk kopar ved garing.​ ( reingjeringsprosess)

Ein passerar restar av smeltehytta på vegen til Moisesberg kulturminneløype, som blei delvis øydelagt av vegbygginga. Ein har ikkje funne restar etter 1500-tals smie, pukkverk og bu­plassar.

Slystøyldammen I Aslestadåa er det to fløytingsdammar, Slystøyl-dammen og Hægevassdammen, som skaffa vatn slik at tømmeret kunne bli fløyta ned åa til Sundsvatn. Dette var ein såkalla nåledam, som var oppført rundt 1900. Tømmerfløytinga i vassdraget blei nedlagt i 1960-åra. I starten av løypa kan ein anten gå over den gamle fløtingsdammen heller over elva, som er steinsatt. Bergverksmuseet

Gjenstandar og reiskap frå bergbrytinga i Moisesberg kan ein sjå i ei spennande utstilling om Bergverk i renessanseperiode på Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg. Kulturminneløypa I 2015 fekk Fyresdal kommune støtte til å finansiere ei kulturminneløype i området. Fyresdal Turlag har vore med å rydde stigen saman med kommunen og Fyresdal Sogelag. Løypa, som er merkt med raud farge, går gjennom den nedre delen av gruveområdet og gje eit bilete av korleis bergmennene arbeidde. Av omsyn til tryggleiken er løypa ikkje lagt til Moberg og Grusen gruver. Turen gjennom løypa krev godt fottøy. Lengde ca. 1,5 km