star
star
star
star
star

Mo - Kjoshella - Frosnotten - Gullvotni - Byrkjeland ( - Mo)

Turen starter bak Autoen i Steisdalen. Frå Belsen føl ein lang veg heilt til topps. På vegen kjem ein til eit kryss, her tek ein til høgre. Lenger oppe kryssar vegen ei elv. Her bør ein ha høge...
Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Praktisk info

Enjoy-kode: 206308
Parker ved Mo Auto / YX i Steinsdalen
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Voksne, Barn, Eldre
Varighet
4 timer
Lengde
14.1 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen starter bak Autoen i Steisdalen. Frå Belsen føl ein lang veg heilt til topps. På vegen kjem ein til eit kryss, her tek ein til høgre. Lenger oppe kryssar vegen ei elv. Her bør ein ha høge tette sko, eller eit par styltrer. No må våren eller ved mykje regn er elva litt djup.

På toppen finn du stien på høgre side av parkeringa, når du har ryggen til Steisdalen. Stien byrjar på ein liten haug. Følg stien inn til Kjoshedla.

Dei fyrste hyttene du kjem til er ikkje stølen. Forsett til enden av vatnet.

Frå Kjoshella følg stien 1-200 meter tilbake, til sti tek av til venstre over ein liten rygg og ned på andre sida. Du ser her Frosnotten som ein høgde framfor deg. Stien deler seg, ta til venstre langs myra (eller gå rett over). Herfrå må du ut i naturen då det ikkje (så vidt me veit) nokon tydeleg sti. Du passerer nokre små dalar som går på tvers men held retningen mot Frosnotten. Etter ca. ein km er du på Frosnotten.

Frå Frosnotten ser du Gullvotni mot sør, du skal i den retningen og skal ganske fort finne stien som fører deg til høgre for vatna og vidare på veg (hald til høgre) og du kjem ned til Blomsete. Derfrå fylgjer du vegen nedover til Byrkjeland. Herfrå er det ca 3km tilbake til bilen.