star
star
star
star
star

Mjonøy - Vinje Biletgalleri

Kunst og kultur er varemerket på denne kulturløypa som startar og endar ved Mjonøy i Vinje. Det passar fint, sidan ein då kan fylle magen med god mat frå kaféen på Mjonøy, før eller etter...
Foto: Hamish Moore

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 685054
Start i Åmot og køyr E-134 mot Haukeli, ca 15 km. Mjonøy på venstre sida, parkeringsplass. Frå Edland kan du køyre E-134 sørover mot Åmot, ca 22 km.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
2.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Kunst og kultur er varemerket på denne kulturløypa som startar og endar ved Mjonøy i Vinje. Det passar fint, sidan ein då kan fylle magen med god mat frå kaféen på Mjonøy, før eller etter turen.

Turen går i lett skogsterreng langs elva. Vakre fossefall og eit canyonliknande landskap kallar fram fotoapparatet frå sekken. Er veret fint, kan ein lauge seg i Kleivastøylhylen.

Oppe på toppen av løypa inne i skogen openbarar Vinje biletgalleri seg. Biletkunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle budde og arbeidde ei tid saman i Smørklepp. Galleriet har ei stor samling av bileta deira, som er viser stemningsfulle naturskildringar og folkeliv frå Telemark.