Minnekonsert Bjørn Odde

Velkomen til minnekonsert for folkemusikaren Bjørn Odde frå Garmo (1939-2020). Laurdag 25. mai 2024 ville Bjørn fylt 85 år. Dette skal markerast med ein minnekonsert etter storspelmannen og...
25.mai
-
kl 18:30

Detaljer

Velkomen til minnekonsert for folkemusikaren Bjørn Odde frå Garmo (1939-2020). Laurdag 25. mai 2024 ville Bjørn fylt 85 år. Dette skal markerast med ein minnekonsert etter storspelmannen og dansaren i Garmo bygdahus. Det blir musikalske innslag frå familieorkesteret ved Bjarne Odde, Kristen Odde sr., Johannes Odde, Bjørn Kåre Odde, Kristen Odde jr., Mads Erik Odde og Steinar Odde. I tillegg vil Lom spelmannslag og gruppa Lendmenn vera sentrale utøvarar denne kvelden. Det blir også gode historiar om Bjørn og innslag av arkivklipp med dans og spel. Fleire utøvarar og gjester annonserast etter kvart. Etter konserten blir det matservering, sal av drikke, sosialt samver og dansespel. Dørene opner kl. 18:30, konsertstart kl. 19:00. Matservering og dans etter konserten frå ca. kl. 20:30/21:00 og utover kvelden. Garmo bygdahus har open bar heile kvelden. Billettar kjøpast på førehand via Tikkio. Vi ynskjer at flest mogleg kjøper på førehand grunna matservering. Eventuelle ledige billettar selgast i døra. Vaksen over 18 år: 300,- Ungdom 12-18 år: 150,- Born under 12 år: 50,- Billett inkluderer konsert, dans og matservering. Billettavgift kjem i tillegg. Arrangementet er støtta av: Norsk senter for folkemusikk og folkedans Arrangør: Lom spel- og dansarlag, familien Odde, Garmo bygdahus.

Praktisk info

Enjoy-kode: 413791
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Barn, Eldre, Ungdom
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Lørdag
25/05 2024 kl 18:30
Garmo bygdahus, Lom Garmo bygdahus Ottadalsvegen
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.