Mini workshop: Innføring i japansk trykkekunst

Interessert i grafikk, trykketeknikk, Japan eller berre lysten på å lære noko heilt nytt?

Detaljer

Interessert i grafikk, trykketeknikk, Japan eller berre lysten på å lære noko heilt nytt?

Kunstnar og grafikar Karen Helga Maurstig kjem rett frå "artist-in-residency"-opphald i Japan der ho har fordjupa seg i japansk tresnitt og trykketeknikk. I denne mini-workshop'en delar Karen Helga frå dei ferske opplevingane sine i Japan, og ellers frå hennar lange erfaring med grafikk og japansk tresnitt.

Mini-workshop'en startar med eit føredrag - ei innføring i japansk tresnitt, og bildedrypp frå Japanopphaldet. Karen Helga vil så gå gjennom, vise og forklare dei ulike stega i prosessen, frå utskjæring i treplate og heilt fram til eit ferdig trykk. Deretter vil du som deltakar sjølv få prøve deg på teknikkane, med god rettleiing frå Karen Helga. Alt av materiale og utstyr er inkludert i billetten, de vil blant anna få trykke på finaste kvalitet av japansk papir.

Med billett til dette arrangementet får du også inngang i Nikolai Astrup-utstillinga, det vert mogeleg å sjå utstillinga før oppstart kl 18.00. Astrup var svært inspirert av japansk tresnitt, noko du kan finne i fleire verk i utstillinga.

Om du ønsker litt kulturelt påfyll i kvardagen i tillegg til å lære noko nytt; velkomen til japansk aften på museet!

Praktisk info

Enjoy-kode: 504286
Type
Attraksjoner
Passer for
Voksne
Kilde
Enjoy

Omtaler

Henter ..