star
star
star
star
star

Midt i Stormlandet

Ikkje langt frå Vestkapp finn du denne perla – ein idyllisk stad i Selje kommune, under Furehornet, ligg Indre Fure med eit vakkert klyngjetun. På vinterstid slår bårene frå Stadhavet tett oppimot...

Praktisk info

Enjoy-kode: 158839
Frå Nordfjoreid følgjes riksveg 15 til Indre Nore, derfra fylesveg 61 ut på Stadtlandet til Fure.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
1.4 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ikkje langt frå Vestkapp finn du denne perla – ein idyllisk stad i Selje kommune, under Furehornet, ligg Indre Fure med eit vakkert klyngjetun. På vinterstid slår bårene frå Stadhavet tett oppimot husa, og sommartid er det ein ynda plass å besøkje. Mellom husa og havet ligg det ein molo og eit langt belte av store steinar. Når det er uvèr kan ein høyre rumlinga frå denne store «steinrøysa» i stranda.

Frå Drage køyrer ein 4 km til vegen endar på Indre Fure. Dette er eit velhalde, gammalt klyngjetun, som utmerkjer seg med velstelte hagar og blomeprakt i sommarhalvåret. Her er òg eit lite museum i det gamle skulehuset. Fure er om lag den einaste plassen i området dei har kunna dyrke frukttre. Brukarane på Indre Fure har tidlegare fått premie for Alexandriaepla som vart dyrka her.

Turen går frå tunet og ut langs sjøen. Sjøstien ut til Ytre Fure er godt opptrakka og lett å følgje, men kanskje noko «luftig» for dei yngste. Ved Kolbeinsvadet er det sprengt ut ein betre passasje. Dette vart gjort etter at ein kar fòr utfor her. Han bar på ein stor bryggjestamp som han kom bort i fjellet med og datt på sjøen. Vidare utover mot Fure er det sett opp nokre tau som ein kan ha å halde seg i på dei mest utsette stadene. Stien, eller råsa, vidare oppover fjellet viser att her og der, men er ein del attgrodd. Det beiter lite dyr i området, berre nokre villgeiter. Tidlegare var ruta over til Hoddevika mykje brukt, og det storfelte landskapet der minner om Lofoten.

Indre- og Ytre Fure har opphavet sitt av trenamnet furu, meines det. I så fall må det ha vore eit einskilt furutre som anten ved storleik eller skap har vore så særmerkt at bustaden har fått namn etter det. Noko furuskog kan det umogeleg ha vokse her. Les meir om Fure på http://www.indrefure.net/

Furestaven ytst på Ytre Fure er ein av dei to plassane i Selje kommune der ein har funne kleberstein. Her finst merke frå gammalt av etter uttak til steingryter. Det er ei stor naturoppleving å gå denne turen, som er om lag 6 km fram og attende.