star
star
star
star
star

Middagsfjellet frå Trinta

Middagsfjellet er ein lett tilgjengeleg topp, som gir deg nydeleg utsikt mot fjella ut mot havet i vest og platået på Jostedalsbreen i aust. Turstart frå Trinta på god og delvis merka sti heile...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 467090
Køyr av E39 på Vassenden, og køyr opp til øverste gardane i Gjesdalen. Køyr skogsveg (40 kr i bom) til endes. Turstart frå parkeringsplassen på Trinta.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
2.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Middagsfjellet er ein lett tilgjengeleg topp, som gir deg nydeleg utsikt mot fjella ut mot havet i vest og platået på Jostedalsbreen i aust. Turstart frå Trinta på god og delvis merka sti heile vegen. Først i bjørkeskog, så over myrterreng før du kjem opp på ryggen der du går på sti i tørt lyngterreng. På ryggen har du nydeleg utsikt mot vest heile vegen opp til toppen.

Ruta frå Trinta vert relativt tidleg snøfri. Fjellet er derfor eit av dei første av fjella over 1000 moh i Jølster som du kan gå etter vintersesongen. Om hausten er det eit nydeleg fjell å ta kveldsturen på.Du får gå med solnedgangen i vest heile vegen opp og ned på ryggen. Fjellet eignar seg godt for ungar som er klare for å prøve seg på litt lengre turar.

Turen tek omlag 1 t 15 min til 1t 45 min opp for normalt trente vaksne.

Om du vil ha ein lenger rundtur etter å ha passert toppen av Middagsfjellet kan du gå utanfor sti ned att via Støylsfjellet, til Gjedsalsvatnet, attende til Gjesdalsstøylen og til Trinta. Frå toppen av Middagsfjellet er det delvis merka sti over til Nonsnipa (Sandalsfjellet). Frå Nonsnipa kan du gå på delvis merka sti ned att til Sandalen.