star
star
star
star
star

Melderskin

Rosendal. Turkart Turkart Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart. Start- og sluttpunkt Kletta. Parkering Følg vegskilt "Melderskin" frå Rosendal sentrum til P-plass ved...
Foto: Anne Kari Walborg Enes

Praktisk info

Enjoy-kode: 482633
Frå Rosendal mot Baroniet, ta av før Avlsgarden på veg mot Kletta. Køyr til endes på vegen, skilta Parkeringsplass på venstre side av vegen.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Varighet
7 timer
Lengde
4.5 km
Vanskelighetsgrad
Ekspert
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Rosendal.

Turkart Turkart Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Start- og sluttpunkt Kletta.

Parkering

Følg vegskilt "Melderskin" frå Rosendal sentrum til P-plass ved stoppskilt på Kletta.

Merking Informasjonsstavle ved P-plassen. Herfrå 300 m langs vegen utan merking, før stien svingar opp mot Skarshaug. T-merka med vardar og skilt.

Gradering Svart. Noko krevjande, fire støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad 160 – 1426 moh.

Tidsbruk 4 timar opp, litt mindre ned.

Gode råd Ta med ekstra drikke.

Turomtale Frå P-plassen 300 m langs vegen, før stien svingar opp mot Skarshaug. Stien går først i utmark og blandingsskog. Over tregrensa følgjer stien små rygger og dalar, dei spesielle Rindane. Første toppen, Skarshaug, er halvvegs til Melderskin. Siste stykket opp hit har sherpaer frå Nepal sikra med trapper. Flott utsikt. Dalen mot søraust er Hattebergsdalen, ein viktig innfallsport til Hattebergvassdraget og Folgefonna nasjonalpark. Vidare oppover blir underlaget meir stein og lite vegetasjon. Ei uventa oppleving er moseteppet og det friske kjeldevatnet i Holo. Her ligg ofte snøfonnene heile sommaren.

Varden på det flate topplatået er bygd av Norges geografiske oppmåling i 1913. Storslått utsikt mot havet, fjordar og fjell, og Folgefonna.

Melderskin vert ofte kalla ”Dronninga blant hordalandsfjella”.