star
star
star
star
star

Matøskja

Ein middels tung topptur. Frå Lauvhaugsætra er det 5 km ein veg. Ein går i lia skrått nordover mot ei hytte, tek vestover opp ein rygg, og skrått mot skaret ved Grøndalsvatnet. Frå skaret går ein i...

Praktisk info

Enjoy-kode: 305424
Ein tek av frå E39 ved Straumshamn, mot Austefjorden. Omlag 500 meter vest for "sentrum" i Høydalen, tek ein bomvegen opp til ca 400 meter ved Lauvhaugsætra, der ein kan parkere.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
5.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ein middels tung topptur. Frå Lauvhaugsætra er det 5 km ein veg. Ein går i lia skrått nordover mot ei hytte, tek vestover opp ein rygg, og skrått mot skaret ved Grøndalsvatnet. Frå skaret går ein i sørleg retning opp på fjellryggen, og etter kvart bratt opp på Blåfjellet. Ein ser ein knaus med ein varde på i eit flatare parti med steinar/blokker. Gå på vestsida av Eggene, og ein ser Matøskja som ein kolle i sør. På toppen er det ei sikteskive, der ein ser namn på fjelltoppane ikring. Denne turen kan ein ta både til fots og på ski.