star
star
star
star
star

Lysenuten frå Sandeid 812 moh.

Frå toppen av Østbøfeltet er det god sti heilt opp til toppen av Lysenuten. Starten kan vera litt vanskeleg å finna men følg skilt. Gå opp langs utsprengt kanal og ta over bru. Stien går no bratt...

Praktisk info

Enjoy-kode: 776031
Frå Sandeid - Køyr mot Vikedal og ta til venstre opp i bustadfeltet (Østbøfeltet) ca 1 km etter Shell Stasjon, køyr andre vegen til høgre og til enden av denne (toppen av feltet). Her er oppslagstavle og skilt om parkering.
Parker langs vegen der den er brei nok – NB: pass på at du ikkje hindrar private
utkøyringar i området.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn
Varighet
15 minutter
Lengde
2.5 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå toppen av Østbøfeltet er det god sti heilt opp til toppen av Lysenuten. Starten kan vera litt vanskeleg å finna men følg skilt. Gå opp langs utsprengt kanal og ta over bru. Stien går no bratt opp gjennom skogsterreng. Det flatar så ut i det ein kjem opp til utsiktspunkt med benk etter ca 30 til 45 minutt. Etter eit kort stykke gjennom fuktig myrlendt terreng går stien bratt opp gjennom skaret og til toppen. Det er mykje stigning og turen må av denne grunn reknast som hard men utsikten frå toppen gjer at strevet raskt vert gløymt. På klare dagar har ein ei fantastisk utsikt frå toppen, der ein kan sjå til Stavanger i sør, Stord i nord, Folgefonna i aust og Utsira i vest.

Lysenuten er 812 meter høg og med det eit svært godt utsiktspunkt. Var etter andre verdskrig i mange år base for ein større radarstasjon. Er i dag eit viktig punkt for komunikasjonsutstyr. Om turen: