Lutt litteratur - skapande skriving i klasserommet Ny dato

Til dette dags-seminaret om skapande skriving og litteraturarbeid i skulen, inviterer vi lærarar og formidlarar i ungdomsskule og vidaregåande skule. Seminaret vert arrangert i Løa i Klokkargarden...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

29.sept
2021
kl 12:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 948618
Type
Læring
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Til dette dags-seminaret om skapande skriving og litteraturarbeid i skulen, inviterer vi lærarar og formidlarar i ungdomsskule og vidaregåande skule.

Seminaret vert arrangert i Løa i Klokkargarden i Dale, med foredrag, samtalar og verkstadar om temaet:

Frå dagbøker til debutroman:

Ane Barmen frå Vågsøy brakdebuterte med romanen "Draumar betyr ingenting" i 2019. I arbeidet med romanen var dagbøkene frå ungdomstida ei viktig kjelde. I dette foredraget legg Ane Barmen vekt på kor verdifullt det er å skrive for sin eigen del, til dømes i dagbok-sjangeren. Ho fortel om inspirerande lærarar og gode skrive-oppgåver på vegen mot å lukkast som forfattar.

Ungt blikk på litteratur:

Kva skal til for å engasjere ungdom i litteratur og lesing? Tore Renberg sin forfattarskap har gjennom eit heilt skuleår vore utgangspunkt for kreativt litteraturarbeid i klasseromma i dei vidaregåande skulane i Molde-regionen, i regi av Bjørnsonfestivalen. I denne samtalen fortel forfattaren om korleis han har opplevd møta med elevane og deira engasjement i tekstane hans.

Diktverkstad i klasserommet:

Anna Kleiva er ein av våre mest omtykte, unge lyrikarar. I denne verkstaden viser ho korleis diktet kan vere ein lavterskel-sjanger for komme i gong med skriving og kjenne glede over å kunne uttrykke seg.

«En fortelling er alltid en redningsoperasjon», skriv Cecilie Løveid i Vandreutstillinger, eit sitat frå John Berger. Korleis kan ein fortelje i poesien? Korleis kan det å fortelje vere ei redning? Dette er spørsmål Anna Kleiva vil komme inn på og drøfte med deltakarane.

Lunsj og kaffi er inkludert i deltakaravgifta. Billett kr 250,-

Kart