star
star
star
star
star

Lundadalsvatnet

Start frå Heimste Lundadalssætre i Skjåk. Gå DNT-merka stig frå setra over Skjøli på heilårsbru og opp Lundadalen. Ved Esjgrovi går du inn i Breheimen Nasjonalpark. Etter 2 km på austsida kryssar...

Praktisk info

Enjoy-kode: 101356
Køyr Rv15 mot aust frå Bismo og ta fylkesvegen mot Lundagrende etter 3,5 km. Køyr fylkesvegen og ta Lundadalsvegen til venstre etter 2,1 km. Følg Lundadalsvegen 6,6 km til Lundadalssætre og parker. Bomveg.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Lengde
12.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Start frå Heimste Lundadalssætre i Skjåk. Gå DNT-merka stig frå setra over Skjøli på heilårsbru og opp Lundadalen. Ved Esjgrovi går du inn i Breheimen Nasjonalpark. Etter 2 km på austsida kryssar du elva til vestsida på heilårsbru. Undervegs går du forbi Isakbua. Det er ei gamal steinbu som var nytta under rypejakt. Her lå også eit gamalt steinkve. I ei tidlegare periode vart sau samla her om natta for ikkje å bli tatt av ulv. Berggrunnen er kalkhaldig fyllitt. I området kan du finne lapprose tidleg på året.

Litt seinare går du forbi Gjørva. Det er ei hol stein, som gjev lykke til den som kryp gjennom fyste gong ein er der. Følg stigen oppover dalen forbi ytste Lundadalssætre til Røysflatan og følg god stig langs Skjøli på veststsida.

Etter 9,0 km ser du Sauhytta. Det er 3,4 km god stig frå Sauhytta til osen på Lundadalsvatnet.

Skjåk Almenning har utleige av Sauhytta og båt med garn på Lundadalsvatnet. Hytta er 21 m², og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.

Lundadalsvatnet er 5 km langt og smalt. Vatnet og elva fører mykje breslam i varmt vær.

Det blir sett ut fisk av og til for å supplere varierande naturleg rekruttering i Lundadalsvatnet. Middels god vekst. I Skjøli er fiskebestanden best i dei øvre delar.

Utløpsosen på Lundadalsvatnet er kjent for å gje bra fangster på stong. Det er vanleg å få aure på 2-300 gram, og fisk på halvkiloen er ikkje sjeldan. Det er fine fiskeplassar ved Salhusøyene og elles i elva Skjøli når denne ikkje er flaumstor. Det vert fiska med garn i Lundadalsvatnet. Oterfiske kan også ta gode fangstar.