Ludo + Tellefs Slåtter og reels på Osascena

Ludo spelar norsk og balkansk folkemusikk i spenstige og elegante arrangement. Gruppa hentar inspirasjon frå jazz og populærmusikk og er prega av eit tett samspel krydra med opne parti som gjev rom...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
24.Apr
-
7:00pm

Detaljer

Ludo spelar norsk og balkansk folkemusikk i spenstige og elegante arrangement. Gruppa hentar inspirasjon frå jazz og populærmusikk og er prega av eit tett samspel krydra med opne parti som gjev rom for improvisasjon. Musikken vekslar mellom varme stemningar og friske, utadvendte låtar.

Steinar Rygg - hardingfele og fiolin Frode Hammersland - el-bass Åsmund Espeland - gitar

Bandet Slåtter og reelsspelar norske slåttar og irske reeler om kvarandre, som om det skulle vore den same musikalske tradisjonen - som det jo faktisk er i ein viss forstand. Nokre vemodige vise- og salmetoner i tillegg, og musikerane har alle høve til å utfalde seg i eit variert konsertprogram. Gå ikkje glipp av denne gjengen! Dette vert knallfint!

Tellef Kvifte - taragot Magnus Wiik - gitar og banjo Åsmund Reistad - bass Knut Kvifte Nesheim - trommer

Praktisk info

Enjoy-kode: 377574
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.