star
star
star
star
star

Løypene rundt Holmen gård i Gjerstad kommune

Løypenettet frå Holmen Gård harutgongspunkt frå Holmen Gård, men ein kan òg starte frå til dømes Løiteskule i Åsbøgrenda. Her blir det omtala fire løyper, der dei tre første startar på Holmen Gård og...
Foto: By Torgrim111 - Holmen Gård

Praktisk info

Enjoy-kode: 581304
Frå E18 følger du Rv 418 mot Gjerstad. Etter om lag 13 km kjem du til Holmen Gård. Parkering her. Sjekk www.holmengard.no for opningstider og servering.
Type
Turer
Passer for
Voksen, Barn
Varighet
3 timer
Lengde
12.1 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Løypenettet frå Holmen Gård harutgongspunkt frå Holmen Gård, men ein kan òg starte frå til dømes Løiteskule i Åsbøgrenda. Her blir det omtala fire løyper, der dei tre første startar på Holmen Gård og den siste frå Løite skule. Løypene er Libergknatten, Paviljongen, Melås og løypa Løite skule-Myråsen-Landsverk-Åsbø. Løypene er merka med lyseblå trebrikker og hovudløypa er òg merka med skilt.

LIBERGKNATTEN: (3 km. - 1 time) Løypa startar frå Holmen Gård, og går på veg første beten før den tek bratt opp heia mot Libergknatten med utsyn over Trydal og Lunden. Vidare går løypa sørover i skogslia, og kjem etter kvart inn på ein gamal traktorveg. I botnen av bakkane deler vegen seg. Løypa vidare til Paviljongen går rett fram, og til venstre tilbake til Holmen. Me ser snart jordene i Monipen og følger jordkanten rundt til me kjem inn på bilveg att ved Trydalsbakken tilbake til Holmen Gård

PAVILJONGEN: (6 km. - 2 timar) Løypa startar frå Holmen Gård, og følger løypa til Libergknatten til vegskiljet som er nemnt ovanfor. Vidare på god sti i frodig lauvskog til Dalane, og vidare på veg til Svarvaren. Sløyfa om Lokkollen anbefalast, med utsyn mot Åsbøgrenda og nedover bygda. Her er det benk og bålstad. Frå Svarvaren går løypa på veg om Bråten og til Paviljongen på Haugen. Vegen tilbake går om Åsbø, på bilvegen 200 m ned Åsbøkleivane, så til venstre og ned dei gamle Åsbøkleivene til Øygarden. Dei gamle Åsbøkleivene var i bruk fram mot år 1900. Frå Øygarden går løypa på bilveg om Trydal til Holmen Gård. MELÅS: (11 km. - 3-4 timar) Løypa startar frå Holmen Gard, og følger løypa til Paviljongen som omtala ovanfor. Løypa går vidare i kanten av jordene, kryssar hovudvegen, gjennom Åsbøgrenda med gardar, hus og jorde. No vandrar me gjennom den lauvrike Skjellaugslia på vakker sti til Landsverk. Her må ein utanom utsiktsstaden ved Landsverklinna og nyte utsynet. Så følger løypa vegen ut til Bjellås, og ned den bratte lia til Trevoll. Rundt Landsverk og Melås er det mange gamle tre med hole stammar som er forma av tidligare tids bruk, då lauv var viktig dyrefór. Kanskje står det framleis almetre her der borken har blitt nytta til brød! Vidare går vegen opp på Melåshøgdene i rikt kulturlandskap. Her stoppar me og minnast Melåslinna som i si tid var eit viktig navigasjonsmerke for skipstrafikken i Skagerak! Me går bratt ned gjennom lia til Bråten og følger vegen attende til Åsmundsstøl og Holmen Gård. ÅSBØ – MYRÅSEN – LANDSVERK - ÅSBØ: (5 km. - 1 1/2 time) For denne løypa er det greitt å parkere ved Løite skule. Gå bilvegen ut til Lia/Mæseldalen og over jordet i sør-austleg retning. Sommarstid beitar kuer her, og det er elektrisk gjerde som må kryssast to gonger. Løypa går opp ei bratt lauvli, og svingar etter kvart austover. Her kjem du til ein fin utsiktsplass, der du ser mot Mæsel og Vegårshei. Det er bok til å skrive namnet i, og bålplass. Nå går det fort opp mot toppen av Myråsen. Rett etter toppen må du ta ein 100 m sideveg til høyre og sjå på utsikten. Her ser du ei brei kystlinje, og store delar av Gjerstad. Gjerstadvatnet ligg som ”ein hovli kvennebæk” som det står i visa om Melåslinna. Så går løypa i skogsterreng til den treff traktorvegen mellom Landsverk og Mæsel, populært kalla Burmavegen. Snart er me på Landsverk, og svingar nordover til venstre før me kjem ned til husa. Herifrå til Åsbø følger me Holmen Gård løype til Melås tilbake til Åsbø, før bilvegen tilbake til Løite skule. MEIR OM: PAVILJONGEN: Skipsreiar Jens Marcussen kjøpte tre gardar i på Løite/Haugen i 1916. Paviljongen blei bygd etter arkitekt Erling Nielsens teikningar sommaren 1919. Den fine gråsteinstrappa framføre huset er bygd av lokal stein og med lokale handverkarar. BURMAVEGEN: Vegen går frå Landsverk til Holstøl nedanfor Mæsel og blei bygd under 2. verdskrigen. På denne tida var det mykje snakk om ein veg i Burma, -Burmavegen, som var viktig for krigføringa i dette området. Karane som arbeidde på vegen frå Landsverk byrja då å kalle denne vegen òg for Burmavegen. Seinare har dette namnet festa seg og blitt det vanlege namnet.