star
star
star
star
star

Ljøsuregga

Urtid. Om du vil ha belønninga på toppen av Ljøsuregga, må du først snike deg gjennom steinrøysa. Ein tur full av kontrastar! På vegen til Ljøsuregga står opplevingar i kø. Først langs eit mylder...

Praktisk info

Enjoy-kode: 740659
Reise med bil: Frå Oslo/Trondheim: Riksveg 15 frå Nordfjordeid mot Måløy. På Haugen (7 km vest for Nordfjordeid), følgjer ein skilt mot Hjelmelandsdalen. Frå Bergen/Ålesund føl ein E 39 til Nordfjordeid, deretter RV 15 mot Måløy til Haugen, ta av mot Hjelmelandsdalen.
Parkering: Parkeringsplass på Furuhogane.
Reise med kollektiv: Buss til Nordfjordeid: Nordfjordekspressen til Nordfjordeid frå Oslo 3 gonger om dagen. Fly: Til Sandane flyplass (15 km frå Nordfjordeid) frå Oslo og Bergen.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
4 timer
Lengde
7.7 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Urtid. Om du vil ha belønninga på toppen av Ljøsuregga, må du først snike deg gjennom steinrøysa.

Ein tur full av kontrastar! På vegen til Ljøsuregga står opplevingar i kø. Først langs eit mylder av badekulpar opp langs den frodige elva til Kjenndalsvatnet. Så frå stein til stein gjennom ura opp mot toppen, før det gradvis vert flatare og fridomskjensla kjem over deg. Til slutt: Eit flatt, herleg platå med utsikt i alle retningar, og du føler deg på toppen av verda!

Furuhogane -Kjenndalsvatnet sør - Kjenndalshytta – Kjenndalsskaret – Ljosuregga – Ljosurelva - Furuhogane

Ljøsuregga er den høgste toppen som ein ser frå Hjelmelandsdalen, men til tross for spektakulære stup og egg over til Store Toren på nordsida, er toppen relativt lett tilgjengeleg frå vest via Kjenndalen. Som namnet på toppen tilseier, består heile fjellet stort sett av ur i alle fasongar og variantar, men uansett er utsikta frå toppen vel verdt turen.

Turen starter i overkant av skoggrensa på Furuhogane (toppen av hyttefeltet) og det er parkering langs vegen fram mot servicebygget for Kjenndalsheisen. Stien opp i Kjenndalen går langs Kjenndalselva opp til Kjenndalsvatnet (805 moh) (1,5 km) og i elva er det mange flotte badekulpar. Ved Kjenndalsvatnet fylgjer ein merkinga rett forbi steinhytta (Kjenndalshytta) kor ein tek til høgre opp lia i skiltkrysset (600 m). Når ein kjem til toppen av Kjenndalsskaret (700 m) so tek ein til høgre oppover mot Ljosuregga (1,4 km). Oppstiginga er brattast halvegs kor det er ein del stor stein. Mot toppen vert det slakare og steinen mindre. Frå det flate platået på toppen er det flott utsikt i alle retningar. På ein finversdag kan dei i god form og utan høgdeskrekk balansere på egga over mot Store Toren og klatre til topps der. Løypa ned att går via Ljosurdalen og fyrste del av nedstiginga går i steinura med retning Nordfjordtoren (1,5 km). Nede i skaret dreier løypa ned langs elva og etter kvart vert underlaget grasmark og stadig slakare terreng og tydeligare sti. Nedst i Ljosurdalen (1,1 km) kryssar ein elva der stien dreiar sørover med retning Furuhogane gjennom bjørkeskogen ned til skiltkrysset ved Ljosurelva (1,3 km). Her tar ein av frå stien til høgre, kryssar Ljosurelva og går rett vest over Kjenndalselva tilbake til parkeringsplassen på Furuhogane (250 m).

Turen passer for alle (heile familien) som er i rimeleg god form og med skikkelige fjellsko.

Ljøsuregga er ein av Fjordspor-turane - dei 20 beste vandreopplevingane i Nordfjord www.nordfjord.no/fjordspor