Litteraturseminar med Ronny Spaans

Ronny Spaans Litteraturseminar søndag 19.juni kl. 12:30 "Skrømt og daude i Nordlands Trompet" Tenestejenta Nille Jonsdotter vart halshoggen i 1687 i Steigen. Ho skulle ha drepe sitt eige barn. I...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

19.jun
2022
kl 12:30

Praktisk info

Enjoy-kode: 603835
Type
Læring
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Ronny Spaans Litteraturseminar søndag 19.juni kl. 12:30 "Skrømt og daude i Nordlands Trompet"

Tenestejenta Nille Jonsdotter vart halshoggen i 1687 i Steigen. Ho skulle ha drepe sitt eige barn. I saka mot henne vart skrik og rop frå gjenferdet til barnet bruka som prov på ugjerninga hennar. Historia om dette gjenferdet er den einskildhendinga som får størst plass i «Nordlands Trompet». Av denne omtalen får vi vita kva syn Petter Dass ikkje berre hadde på denne spesifikke saka, men òg på juryordninga, magi og trolldom. Spaans viser at Dass hadde eit syn som var moderne for si tid.

Ronny Spaans er fyrsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap ved Nord universitet. Han er frå Brønnøysund og har ein doktorgrad frå Universitetet i Oslo frå 2015 om den nederlandske diktaren Joannes Six van Chandelier (1620–1695), som levde samtidig med Petter Dass. Avhandlinga er publisert på Amsterdam University Press i 2020. Han har òg skrive artiklar om Petter Dass, Olav Nygard og Olav H. Hauge.

Kart