Litterært kveldssete med Maria Parr og Åshild Irgens i Svidal grendehuse

I barneboka «Oskar og eg» møter vi Ida som er åtte år og bur i eit raudt, umoderne hus på toppen av ein bakke i bygda si, saman med mamma, pappa og veslebroren Oskar. Oskar greier å leike på ekte,...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
20.nov
2023
kl 20:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 744202
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

I barneboka «Oskar og eg» møter vi Ida som er åtte år og bur i eit raudt, umoderne hus på toppen av ein bakke i bygda si, saman med mamma, pappa og veslebroren Oskar. Oskar greier å leike på ekte, men Ida har begynt å bli leikesjenert. Det er ikkje det same å leike på lat. Då blir den store, fine leikehytta i skogen lita og stygg.

Med leiken som sitt sverd og sitt skjold har borna i bøkene til Maria Parr dette til felles. Dei greier å gjere barndommens land til sitt eige. Møt Maria Parr og Åshild Irgens i samtale om korleis leiken og forteljingane kan vere nøklar til skattkammer i barndomslandet. Små, grå stader blir store og fargerike med fantasien som verktøyskrin og høgtlesinga som øvingsrom.

– Alle barn har eit potensiale for å kunne like å bli lest for, seier Maria Parr.

Samtalen vert leia av Heidi Fagna ved Nynorsksenteret. Programmet er i samarbeid med Jølster mållag og Jølster litterære folkeakademi.

Vi ser fram til eit triveleg kveldssete med forfattarsamtale, høgtlesing, boktorg og kveldsmat.

Kart

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.