star
star
star
star
star

Litle Eikevik til Nipevatnet

Starten av stien er godt merka på vegen mot Løkkebø. I Litle Eikevik er det sett opp skilt som viser til Øyrastøylen og Blåvatnet. Stien går i lett terreng jamt oppover og eit stykke oppe i den...

Praktisk info

Enjoy-kode: 349373
Fylkesveg 615 frå Storebru til Litle Eikevik
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
6.1 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Starten av stien er godt merka på vegen mot Løkkebø. I Litle Eikevik er det sett opp skilt som viser til Øyrastøylen og Blåvatnet. Stien går i lett terreng jamt oppover og eit stykke oppe i den første lia kjem du inn på stien frå Eikevika. Dette var stien dei dreiv dyra til støls på i eldre tider. Litt lengre oppe må du krysse ei lita elv. Rett før støylen er det ei ny elv som kan være vanskeleg å krysse ved stor vassføring. På Øyrastøylen står det eit sel. Stien går forbi støylshusa og opp berga ovanfor støylen. Det er bratt, men snur du deg og nyt utsikta inn i mellom får du mange fine opplevingar. Vel oppe ved Blåvatnet er det fint å ta ei pause på berga . I nord ser du fossen ned frå Djupedalen. Frå Djupedalen kan ein gå til Søre Blånipa, her er det ei luftig passering, og Blånipa og ein kan gå til Midtbønipa. Turen vidare utover til Nipevatnet går opp bakkar med flater og vatn imellom. Her er Grunnevatnet og stigninga i enden er den siste harde kneika før du er på toppen på Okseryggen. Derfrå går det slakt nedover igjen før du er framme ved Nipevatnet. Frå Nipevatnet kan du gå til Blånipa, ned til Eikefjord og Norddalsfjord og Flatenipa og vidare til Strandanipa.