star
star
star
star
star

Litle Eikevik - Nipevatnet via støylane til Hestvika

Starten av stien er godt merka på vegen mot Lykkjebøen / Løkkebø med skilt til Øyrastøyl/Blåvatnet og Nipevatnet. Turen startar i Litle Eikevik. Stien går i lett terreng jamt oppover og eit stykke...

Praktisk info

Enjoy-kode: 144657
Fylkesveg 615 frå Storebru til Litle Eikevik Rasteplassen i Eikefjord på RV 5 Parkering ved Kalveneset på Fv 615 for turen opp til Urrabben og Uravatnet .
Type
Turer
Passer for
Voksen
Varighet
6 timer
Lengde
15.6 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Starten av stien er godt merka på vegen mot Lykkjebøen / Løkkebø med skilt til Øyrastøyl/Blåvatnet og Nipevatnet. Turen startar i Litle Eikevik. Stien går i lett terreng jamt oppover og eit stykke oppe i den første lia kjem du inn på stien frå Eikevika. Stien frå Eikevika er stien dei dreiv dyra til støls på i eldre tider. Litt lengre oppe må du krysse ei lita elv. Rett før støylen er det ei ny elv som kan være vanskeleg å krysse ved stor vassføring. På Øyrastøylen står det eit sel. Stien går forbi støylshusa og opp berga ovanfor stølen. Det er bratt, men snur du deg og nyt utsikta inn i mellom får du mange fine opplevingar. Vel oppe ved Blåvatnet er det fint å ta ei pause på berga. I nord ser du fossen ned frå Djupedalen. Turen vidare utover til Nipevatnet går opp bakkar med flater og vatn imellom. Her er Grunnevatnet og stigninga i enden er den siste harde kneika før du er på toppen på Okseryggen. Derfrå går det slakt nedover igjen før du er framme ved Nipevatnet. Frå Nipevatnet følg stien som går ned til Hovlandsstølen. Ved Hovlandsstølen kan du velge om du vil følgje traktorvegen ned, eller fortsette på den merka stien over til Eikefjordstøylen som startar ved turbokkassa rett nedenfor Hovlandsstølen. Følg stien til Eikefjordstøylen. Elva mellom stølane er flomelv og kan være stor. Vidare frå Eikefjordstøylen og opp til Indre Knappstadstøylen, der er merka rute. Det er også merka sti ned frå Eikefjordstøylen og Ytre Knappstadstøylen. Frå Indre Knappstadsøylen går du ned til Ytre Knappstadstøylen. Frå Ytre Knappstadstøylen går ein vidare ned Strupen til Stegane. Hald fram via Urrabben og ned til Hestvika, parkering ved Kalveneset