Literature Live Around the World

Billett til: Bergen, Perth, Kabul LitFestBergens storsatsing i 2021 er samarbeidsprosjektet Literature Live Around the World. Vi har invitert festivalar og litteraturhus frå heile verda til å...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
12.feb
2021
kl 12:00

Detaljer

Billett til: Bergen, Perth, Kabul

LitFestBergens storsatsing i 2021 er samarbeidsprosjektet Literature Live Around the World. Vi har invitert festivalar og litteraturhus frå heile verda til å lage litterære program på eigne scener med utvalde forfattarar og kunstnarar. Vi er live og direkte frå klokka 12 til midnatt, non-stop!

Alle partnarane viser ein kort video der dei presenterer by, kultur, språk og litteratur. Deretter koplar programleiarane Siss Vik og Mona B. Riise Bergen til verda i beste Grand Prix-stil når dei «ringer opp» vertane i kvart land. Eit unikt litterært program vil så bli vist, til glede for det lokale publikummet i den aktuelle byen, publikummet på Litteraturhuset i Bergen, og for alle over heile verda som vil følgje programmet, heilt gratis, på eigne skjermar.

Bli med på denne litterære reisa til alle kontinent! Reiseruta er som følgjer:

12:00 Bergen. 13:00 Perth. 14:00 Kabul. 15:00 Jaipur. 16:00 Dubai. 17:00 Lagos. 18:00 Buenos Aires. 19:00 Edinburgh. 20:00 Lyon. 21:00 Berkeley. 22:00 Toronto. 23:00 Treasure Beach.

I samarbeid med NRK.

Kjøp anten tre-timarsbillett eller 12-timarbillett om du vil følgje programmet frå scena på Litteraturhuset.

Praktisk info

Enjoy-kode: 652817
Type
Festivaler
Passer for
Barn, Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker