star
star
star
star
star

Liafjellet frå Solbakken

Liafjellet er eit av dei mest brukte turområda i Os, og frå Storevarden (259 m.o.h.) på toppen har du flott utsikt mot Strøno, Halhjem, Austevoll, Sotra, Fitjar og Byfjella i Bergen. Det går mange...
Foto: Øyvind Gjerde

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 241893
Følg E39 mot Halhjem. Ta til høgre ved kryss til Lepsøy. Følg Fv 158 Lepsøyvegen i 300 meter, før du igjen tek til høgre. Like etter ligg det nokre få parkeringsplassar på høgre hand. Du går om lag 100 meter langs bilveg, før turen til Storevarden er merka med skilt.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Liafjellet er eit av dei mest brukte turområda i Os, og frå Storevarden (259 m.o.h.) på toppen har du flott utsikt mot Strøno, Halhjem, Austevoll, Sotra, Fitjar og Byfjella i Bergen.

Det går mange stiar opp til toppen. Denne turen startar ved Solbakken. Like bortanfor startpunktet for turen, ligg Solbakkestova. Der finn du ein fin, liten park med skulpturar avVidar Mælandog farenArne Mæland.

Følg skogsvegen oppover eit kort stykke, før du går vidare på stien opp mot Storevarden. Den første delen av turen er noko bratt, men det stig jamnare etter kvart. På veg mot toppen er det for det meste furuskog med innslag av gran og nokre lauvtre. Turen går på stein, jord og røter. Dersom det regner, kan stien vera glatt og gjørmete. Ha difor gode sko som gjev godt grep.

Os turlag har lagt godt til rette for turgåarar, mellom anna har dei laga klopper og bruer fleire stader. Stien mot toppen er godt skilta.

Storevarden (259 m.o.h.) er bygd av stein frå gravrøysa han står på. Gravrøysa er frå eldre jernalder (500 f. Kr - 550 e. Kr.) og måler 15 meter i tverrmål. Gravrøysa er freda, men delvis øydelagt fordi folk har tatt stein frå røysa til å byggja varden. Ver venleg å la restane av gravrøysa vera i fred. Varden er tilhaldsstad for ein røyskatt som heiter Rasmus - ein bronsefigur laga av Vidar Mæland.