star
star
star
star
star

Lemme - Oppheim

Turbeskrivelse: Her kan kan ein velja om ein vil køyra til stølen Liaset, eller å gå stølsvegen opp til parkeringsplassen. Den er bratt i begynnelsen, men vert slakare etter kvart. Når ein kjem til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 536438
Med privatbil til Lemme, og frå Oppheim
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne
Varighet
5 timer
Lengde
12.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turbeskrivelse: Her kan kan ein velja om ein vil køyra til stølen Liaset, eller å gå stølsvegen opp til parkeringsplassen. Den er bratt i begynnelsen, men vert slakare etter kvart. Når ein kjem til parkeringsplassen går ein på traktorveg ca 100m bort til stølen Liaset. Her går ein vidare ved å fylgja den T merka ruta i lett stigning opp til ein kryssar groa som kjem i frå Krokasetvatnet. I utløpet av Krokasetvatnet er det ein gamal steinsett demning. Denne vart opna når dei hadde bruk for vatn til kvernhusa sine nede ved gardane på Hefte. Ein fortset i lett stigning vidare til toppen av Kolingseggi. Herifrå går ein i slak stignin ned til det lavaste punket, her kryssar ein stien som går ned til Helgaset. Herifrå går ein vidare opp mot toppen på 965 moh, ein går vidare mot toppen på Skorseteggi (971 moh). Her er det veldig god utsikt. Frå toppen går ein ned i slak stigning ned forbi Øyjordstjørn og ned til Øyjordstølen. Frå Øyjordstølen fortset ein vidare ned til Øyjordi, der kjem ein ned til kommunale vegen som går frå Oppheim til Markusteigen. Ein fylgjer denne vegen ned til Oppheim. Ruta er 13,2 km lang. Tid: 6 – 7 timer. Stigningsgrad 530 høgdemeter