Leikfest

Er du nyfiken på folkedans, men under snittet glad i rømmegraut? Då kan du skippe heile den tradisjonelle Leikfest-seremonien i Aud Max, og hoppe rett til desserten: Leikfest del 2! Dette vert...

Detaljer

Er du nyfiken på folkedans, men under snittet glad i rømmegraut?

Då kan du skippe heile den tradisjonelle Leikfest-seremonien i Aud Max, og hoppe rett til desserten: Leikfest del 2!

Dette vert ein festkveld på Samfunnet utanom det vanlege. Det kjem til å myldre av folkedansarar på alle kantar, og det skal dansast i tre rom på same tid: I Klubben byter tre spelemannslag på å spele oss heite og sveitte, på Møterommet vert det blodtradisjonell bygdedans til tralling, flat- og hardingfeleslått, og i Halvors hybel vert det folkemusikk pynta med grove beats.

Bodegaen og Johannes held opent som vanleg. Det vert sal av uendelege mengder spikjekjøt og sveler i Rosehagen. Eit utal spelemenn kjem til å buskspelle i kvar ei krå.

Denne kvelden kjem du seint til å gløyme!

Det vert kamp om plassane, så sørg for å skaffe deg billett til denne "once-in-a-lifetime" hendinga.

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 857950
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Er du arrangør og vil motta bookinger direkte her for denne aktiviteten?

Aktiver booking nå

Les mer om Enjoy booking her