star
star
star
star
star

Lee og gruvene

Ein fylgjer bilvegen til Øvste Holane. Derifrå går ein på merka sti som i nærare 50 år var arbeidsvegen for dei som arbeidde i talkumgruva på Lee, den såkalla Gamlegruva. Stien vart også brukt som...
Foto: Karen Weichert

Praktisk info

Enjoy-kode: 983457
Bil frå Vik til Framfjorden, ca. 20 km. Parkering ved elva.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
2.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ein fylgjer bilvegen til Øvste Holane. Derifrå går ein på merka sti som i nærare 50 år var arbeidsvegen for dei som arbeidde i talkumgruva på Lee, den såkalla Gamlegruva. Stien vart også brukt som snarveg for folka på Lee, og dessutan brukte gardane på Holane og Flæte denne når dei skulle til utmarksteigane sine. Om lag midtvegs mellom dei to slåtteteigane, Hagele og Storesteinane, kjem ein til eit vegskilje. Her kan ein fylgja gruvevegen opp til Gamlegruva, der ein finn tydelege restar etter nærare 50 år med gruvedrift (1908-1956). I si tid var dette ei av dei største talkumgruvene i Europa. Ein kan også velja å ta den gamle snøggvegen opp til Ytre Lee, forbi Storesteinane og Galdane. Frå Ytre Lee kan ein så gå på god veg ut til Gamlegruva og fylgja gruvevegen nedatt. Vel ein å fylgja gruvevegen opp, kan ein gå nedatt snarvegen frå Ytre Lee. Same kva veg du vel, bør du stoppa og ta ein pause på Haugen utanfor Ytre Lee, der du kan nyta ei fantastisk utsikt.

Frå Ytre Lee er elles muleg å fylgja bilvegen forbi Fremre Lee, ned til Dale og vidare til Framfjorden. Då vil ein også få med seg meir av det særmerkte kulturlandskapet på denne høgdegarden.