star
star
star
star
star

Læshø: fottur i Lom nasjonalparklandsby

Sjå Rondane i aust, Dovrefjell og Reinheimen i nord, Breheimen i vest og Jotunheimen i sør. Frå Læshø kan du til og med sjå mot den høgaste toppen av dei alle, Galdhøpiggen på 2469 m.o.h.! Frå...

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 699134
Sentrum (Fossbergom). Gå opp ved Kuba og følg merka stig mot toppen.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Ungdom, Eldre
Varighet
4 timer
Lengde
4.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Sjå Rondane i aust, Dovrefjell og Reinheimen i nord, Breheimen i vest og Jotunheimen i sør. Frå Læshø kan du til og med sjå mot den høgaste toppen av dei alle, Galdhøpiggen på 2469 m.o.h.!

Frå rundkøyringa midt i sentrum går du ca 150 meter austover langs riksveg 15. Før du kjem til Fossheim Turisthotell tek du til høgre oppover Ulstadvegen. Midt i ein u-sving tek stigen av inn på jordet. Stigen dreier så rett oppover jordet og opp i trædet (inngjerda beitemark). Ta til høgre i stigdelet for å følge ruta opp mot Skutlan og Læshø. Stigen går bratt opp gjennom granskogen, og kjem forbi ein vasspost med drikkevatn. Stigen passerer tregrensa og går vidare til Skutlan (1070 m.o.h.).

I stigkrysset på Skutlan kan du ta oppover mot Læshø (Alternativa er å følge stigen ned att mot Myrskardet eller fortsette mot Soleggen og rundt om Ausa).

Stigen fortsett opp mot Læshø, som kan tilby fantastisk utsikt på ein fin dag! Det høgaste punktet ligg på 1216 m.o.h.

Fortsett nedover att, og du vil møte på stigen som går nedover att mot Lom sentrum. Stigen held fram vestover og går slakt ned mot tregrensa. Ved neste vegdele bryt du av til venstre. Stigen går slakt ned gjennom skogen og gjennom eit hogstfelt. Etter kvart kjem du til ein skogsveg og stigdelet mot Nonshaug. Raskaste vegen heim att går vidare nedover skogsvegen (Hansvegen). Kryss bekken Læsa og ta til venstre til du er rett ovanfor den gamle garden Skjæsar. Følg vassvegen til stigdelet i starten av ruta.

OBS: Snø og is kan gjere det vanskeleg på vinterstid. Elles god stigning og ein del høgdemeter for å kome til topps.